Isle of Skye

Viewing 3 posts - 1 through 3 (of 3 total)
  • Author
    Posts
  • #2315
    Rune Hanssen
    Keymaster

    Isle of Skye

    Eit engine building/tile laying/programming-spel som med ekspansjonar har utvikla seg til å bli eit veldig rikhaldig kosespel for vidarekomne. Ingen dramatikk mellom spelarane utanom eit og anna grynt under budrunden på nye tiles. Bygging av kartet krev litt konsentrasjon for å ikkje gjere feil, men elles artig med fokuset på kva scoring tiles som blir aktivert kvar runde.

    #2320
    Sten Ole
    Participant

    Kosespel!?! Dette spelet er ein øvelse i frustrasjon og nederlagsmestring.

    Dette spelet inviterer deg til å sette saman brikker i perfekt harmony og når du dukker opp til festen får du døra smelt i fjeset. Fjellene dine blir ikkje “ferdige”. den perfekte sjøen klarer du aldri å tette igjen. Bagen nekter å dele ut fyrtårn-tiles. Når han endelig gjer det så bestemmer motstandaren (med rette) at tilen er verdt 100 gull. Scoringen kjem alltid akkurat før du er klar sånn at du får 2 poeng istedenfor 100. Journeymannen har gått seg vill i det skrekkelige landskapet du har skapt som er tydelig influert av rivaliserande kommunepolitikk. Druidane ler av deg som kjem sist inn i butikken deiras og der ligg det bare to vanskapning-tilar igjen som gir deg absolutt ingenting.

    I desperasjon og fortvilelse møter du slutten av spelet. Alt har gått galt. Og då ser du rundt på bordet. Der har det gått like gale. Og så går det greit poengmessig likevel.

    Neste gong kjem det same til å skje igjen. Spelet inviterer til perfeksjon… igjen. Som ein idiotisk dust kjem du til å møte på festen i den flottaste dressen din… igjen.

    Bra spel? Ja. Kos? Nehei.

    #2322
    Jarle Haktorson
    Keymaster

    Knallbra, Sten Ole ???

Viewing 3 posts - 1 through 3 (of 3 total)
  • You must be logged in to reply to this topic.