Raskt og luftig spel. Ei trekk kort frå to bunkar – Tokyo eller Kyoto. På korta finn ein ulike turistattraksjonsr og aktivitetar. Poenget er at ein skal planlegge ei veke i Japan og til slutt utføre denne for å score poeng.
Ein må sjonglere med kva som er fokuset til kvar vekedag (mat, aktivitetar, natur, tempel etc.). Dette for å auke erfaringane dine som er representert på ein skala. Kvar dag har stæsja 3 (av og til 4) kort der nedste kort representerer «highlight of the day» – noko du håpar å få til ut frå korleis du har lagt ut korta. Drafting pågår. Ein kan også gamble med gåturar om ein ikkje er nøgd med dei korta ein har på hånd. Dette blir bingo når turen skal utførast.
Ein kan også få verktøy til å kunne trekke fleire kort for betre planlegging. Om ein blandar kort frå Tokyo og Kyoto i vekeplanen, må ein prøve å skaffe seg luksustog slik at ein kan reise utan stress og mas mellom byane.
Alt i alt eit koseleg kabalspel som ikkje legg opp til irriterande interaksjon. Faktisk minimalt med interaksjon. Ein fortel om turen sin til slutt, og den som har planlagt best vinn med mest poeng.