Nye Spel på radaren 2024 og framover

Velkomen til Kvinnherad brettspelklubb Forums Ønskjeliste – nye spel Nye Spel på radaren 2024 og framover

Viewing 4 posts - 1 through 4 (of 4 total)
  • Author
    Posts
  • #4262
    Sten Ole
    Participant

    Dette året har vore litt skralt både i forhold til innkjøp og diskusjonar av nye spel, så eg tenkte å gjere litt undersøkingar for å lage ei liste for potensielle spel som kanskje er av interesse.

    (Har fikla med linkane sånn at filteret på forumet ikkje blokkerer)

    SETI: Search for Extraterrestrial Intelligence
    h_ttps://boardgamegeek.com/boardgame/418059/seti-search-for-extraterrestrial-intelligence
    Czech Games Edition er ein maskin som printer ut konstant kvalitet. Dette spelet handler om å samle informasjon i solsystemet og stjernene og etterkvart interaktere med romvesen. Eg trur kanskje det vil ha litt samme feelingen som andre spel frå same utgiveren. Både Praga Caput Regni og Kutna er begge spel der ein samler poeng mens ein halvveis gjer noko tematisk. SETI rekner eg med at følger same mønsteret. Det som kanskje gjer det litt spesielt interessant for klubben er at det har ein stor kortstokk med unike kort, og dette er jo noko som me som regel likar. Tenk Terraforming Mars, Ark Nova, Underwater Cities, Maracaibo.

    Endeavor: Deep Sea
    h_ttps://boardgamegeek.com/boardgame/367966/endeavor-deep-sea
    Endevour-systemet er tatt inn i notida der me er på ekspedisjonar under havet for å oppdage ting. I forhold til Age of Sail, trur eg kanskje dette er meir interessant både tematisk og fordi spelet har fleire scenario, så ein spelet ikkje på same “kartet” kvar gong. Eg trur dette hadde vore ein bra kjøp for klubben og vil nok appelere breidt.

    Arcs
    h_ttps://boardgamegeek.com/boardgame/359871/arcs
    Cole Wehrle har nok laga “årets spel” med eit spel om intergalaktisk maktkamp med mange unike element. Actionsystemet er basert på tricktaking som styrer kva du får lov til å gjere, kor mykje og om du har initiativet neste runde. I trur i lag med kort-tableau så er det mykje å bli imponert av. Eg nevner spelet helst fordi det er verdt å nevne, men eg er personleg lunken til tricktaking. I tillegg har me allerede ein del “knuffe-spel”, og eg trur ikkje dette er spelet som ville gitt mest glede i den sjangeren i vår klubb.

    Unconscious Mind
    h_ttps://boardgamegeek.com/boardgame/329500/unconscious-mind
    Eit bilde av spelet gjer det klart at dette har mykje på gang. Det handlar om å gi pyskiatrisk hjelp til pasientar mens me speler som Sigmund Freud-aktige folk. Det ser ut til å vere litt komplisert, gjerne eit spel som det tek ein time å forklare. Sjølv om det prøver å vere ganske tematisk, mistenker eg at fordi det handler om følelser og slikt at alt vil vere relativt abstrakt. Det har worker placement, rondellar og tracks så det er no sikkert uansett spelbart. Eg trur likevel det ikkje vil vere eit spel klubben hadde tatt fram ofte.

    Andromeda’s Edge
    h_ttps://boardgamegeek.com/boardgame/358661/andromedas-edge
    Dette er på radaren fordi det er ein reimplementasjon av Dwellings of Eldervale. Eg veit lite om begge to, men har skjønt at dei begge er middels kompliserte area control-spel der målet er å samle poeng før spelet slutter. Det ser storslagent ut, men vil nok ikkje falle inn i “episk”-kategorien. Det handler om galaktiske imperier med romskip som kanskje er eit litt slitt tema som kjem igjen og igjen. Når eg ser på det, tenkjer eg egentlig at Voidfall egentlig er eit betre valg siden vi allerede har det. Eventuelt kan vi gå litt tilbake i tid å undersøkje Dwellings of Eldervale som har eit kjekkare tema og som takler 5 spelararar istadenfor 4. Personleg trur eg at spelet er litt for komplisert til å fungere utan at nokon i klubben virkeleg bestemmer seg for å vere spelet sin advokat.

    Inventions: Evolution of Ideas
    h_ttps://boardgamegeek.com/boardgame/347305/inventions-evolution-of-ideas
    Vital Lacerda ler i bakgrunnen. Her prøver han seg på sivilisasjonsspel med teknologisk og kulturell utvikling, men når eg ser på bilder av dette ser eg berre same spelet som han alltid gir ut. Det er utvilsomt eit spel som suger all kognitiv kraft ut av deg for å få det til å gå. Dette har eg inntrykk av at har blitt litt dårlegare mottatt enn andre Lacerda-titlar, så det er kanskje ikkje det beste. Rune er den største fanen av Lacerda-sjangeren. Vi får sjå om han er interessert.

    Civolution
    h_ttps://boardgamegeek.com/boardgame/400602/civolution
    Sivilisasjonsbygging er temaet i Civolution. Det går frå førhistorisk til til framtida. Det ser ganske bra ut, men er nok samtidig eit litt strevsomt spel å lære seg. Her må ein rekne med 1+ time med opplæring før spelet og er sikkert ganske tungt. Det har techtree med actions og dice worker placement. Eg likar konseptet, men kanskje er nok spelet litt i tyngste laget for å appelere til mangfoldet.

    Pampero
    h_ttps://boardgamegeek.com/boardgame/304510/pampero
    Pampero er eit spel om å bygge vindmøller. Det er nesten eit Lacerda-spel der han har hatt ein finger med i utviklinga av spelet, så eg rekner med at det er mykje som vil likne. Blant anna er det ein økonomi der spelarane gir pengar fram og tilbake og bygger vidare på andre sine prosjekt i god Lacerda-ånd. Eg trur dette er eit godt spel for Lacerda-elskarar.

    Black Forest
    h_ttps://boardgamegeek.com/boardgame/420805/black-forest
    Uwe Rosenberg er pålagt å gi ut eit nytt spel kvar år. Det er ikkje alltid desse spela kjem ut med noko nytt. I dette spelet kopierer han eit tema og mekanismar som han har brukt før der me er glassmestarar i skogen på jakt etter Victory Points som vanleg. Eg trur det er eit koseleg Uwe Rosenberg-spel som vil nytast som dei fleste andre av spela hans. Vi har heller ikkje hatt Glass Road i klubben, så Black Forest vil vere nytt for oss.

    Shackleton Base: A Journey to the Moon
    h_ttps://boardgamegeek.com/boardgame/408180/shackleton-base-a-journey-to-the-moon
    I Shackleton Base skal vi bygge ein månebase saman. Det er eit typisk eurospel der me bygger ut på eit felles brett. Det som er spesielt er at ved starten av spelet, blir det satt opp 3 av 7 mulige corporations. Desse representerer målsetningar i spelet og definerer kva vi prøver å få til på månen, om det er gruvedrift, oppdagelse eller romturisme osv. Dei definerer også prosjekta og teknologiane vi kan gå for. Eg trur dette hadde vore eit moro spel.

    Galileo Galilei
    https://boardgamegeek.com/boardgame/393333/galileo-galilei
    Du er ein astronom som observerer himmelen og skriver bøker og får inquisitors på besøk. Målet er å oppdage så mykje som mulig og å sånn passe overtale inquisitorane om at du ikkje driver med kjetteri. Det er eit luftigare spel der vi samler poeng og ville nok passa for ein kveld der ein ikkje vil utfordre seg sjølv. Heilt greit, tenkjer eg.

    Galactic Renaissance
    h_ttps://boardgamegeek.com/boardgame/365526/galactic-renaissance
    Galactic Renaissance er eit politisk-taktisk spel der vi bygger institusjonar og sender diplomatar ut i galaksen. Handlinga skjer via kort der ein potensielt chainer fleire actions og og skaper uro på planetar som får ting til å omfordele seg. Poeng kjem i porsjonar, men noko spesielt med spelet er at du prøver å få 30 poeng for å vinne, men om du ikkje når opp til 30, faller du ned igjen til 20. Siste turen må du altså finne 10 poeng for å dra spelet i land. Dette er til dei grader eit Sten Ole-spel, så her skal ein ikkje sjå vekk ifra at eg kjøper det ein dag nokon minner meg på at det eksisterer.

    Galactic Cruise
    h_ttps://boardgamegeek.com/boardgame/391137/galactic-cruise
    Her er eit nytt Lacerda-like spel. Du jobber i eit firma som skal bygge og tilby rom-cruise-reiser. Det er sikkert bra, men er eit spel som ikkje er på markedet ennå.

    Undaunted 2200: Callisto
    h_ttps://boardgamegeek.com/boardgame/401978/undaunted-2200-callisto
    2-player spel med kamp på eit brett. Det er neppe spel for klubben siden det tidsmessig er relativt kort og fordi det er 2 player. Det ser likevel kjekt ut med to faksjonar som er forskjellige. Undaunted-systemet har vore populært i lang tid med ulike utgaver. Tidlegare har spela berre omhandla andre verdenskrig.

    Ironwood
    h_ttps://boardgamegeek.com/boardgame/407343/ironwood
    2-player spel med kamp på eit brett. Av samme grunn som spelet over er det nok av liten interesse for klubben. Det har same dragning, men eit litt anna tema og heilt andre mekanismar. Om det var interesse for slike spel, så hadde eg kanskje investert i dette.

    #4269
    Jarle Haktorson
    Keymaster

    Bra innspel! Gode spel på lista her! Eg høyrer på det du skriv, og kjem med dette som forslag på innkjøp: SETI, Endeavor og Galactic Renaissance (Ironwood har eg kjøpt sjølv; har det heime, men ikkje fått testa det endå).

    Skal sjå om eg også kjem med forslag 🙂

    #4272
    Rune Hanssen
    Keymaster

    Eg samlar på Lacerda!

    Inventions: Evolution of Ideas er på veg.

    #4273
    Jarle Haktorson
    Keymaster

    Her er mine forslag:

    https://boardgamegeek.com/boardgame/359871/arcs

    https://boardgamegeek.com/boardgame/228341/pulsar-2849

    https://boardgamegeek.com/boardgame/302723/forgotten-waters

    Eg skal sjekke med Meeple Galaxy kva pris eg kan få for ting (og om dei har ting inne).

Viewing 4 posts - 1 through 4 (of 4 total)
  • You must be logged in to reply to this topic.