Velkomen til Kvinnherad brettspelklubb › Forums › Ønskjeliste – nye spel › Nytt på veg til Sten Ole
- This topic has 4 replies, 3 voices, and was last updated 4 years, 3 months ago by Sten Ole.
-
AuthorPosts
-
04/01/2020 at 11:56 #2462Sten OleParticipant
Kjem snart—
Human Punishment: Social deduction 2.0
Kortbasert spel for for 4+ spelarar. Varighet kanskje 45 minutt. Premisset er at robotar og mennesker er i ein avgjerande konflikt. Me speler alle individ med ei rolle og ein lojalitet (eller mangel på lojalitet). Menneska må utslette robotar og outlaws. Robotane må drepe menneska. Outlaws må drepe alle. Og… Ingen veit kven som er på lag.
På tur kan folk:
– sjå på eit av korta som styrer lojaliteten til ein motspelar.
– sikte på eller skyte ein motspeler, om dei allerede har sikta på han.
– trekke eit kort som gir ein ability eller får noko random til å skje.Altså ein fin blanding av venleg debatt, drap og bingo. Spelet skal visstnok vere samanliknbart med spelet Bang som eg aldri har spelt.
04/01/2020 at 13:09 #2465Jarle HaktorsonKeymasterKjøpte og prøvde Resistance heilt tilbake i 2009; spelet som kicka i gong heile hidden-deduction-negotiation etc.-bølgja for fullt, og alltid likt sjangeren. Har etterkvart gått litt lei av det og variantar som div. Werewolves-ting etc.; difor var Secret Hitler ein liten opptur i så måte.
Klar for å prøve noko nytt, men at det er samanlikna med Bang er ikkje positivt; Bang er rein Bingo der alle berre skyt vilt rundt seg og du kan like gjerne trille ein terning for å bestemme ein vinnar.
Eg tippar dette har forbetra mekanikk og ser fram til å drepe…
05/01/2020 at 06:58 #2467Sten OleParticipantEg har same inntrykket av det eg har sett av bang fordi spelarane berre bruker kort fra hånd og direkte skyter. Då blir det fort random. Bang trur eg også er meir eit kort-spel enn eit social deduction-spel rett og slett fordi du har eit sett med kort på hånd, og korta dikterer handlingsrommet ditt og handlingsrommet meir enn table-talken.
I human punishment trur eg at spelarane er nødt til å finne ut om motspelarane sine heller enn å agere blindt rett og slett fordi dei einaste som tjener på å skyte vilt er outlaws. Å oppføre seg som ein outlaw er sjølvmord fordi generelt vil menneska ha eit overtal. Outlawar må derfor til ein viss grad late som at dei er eit menneske. Skyting er også ein litt meir samansett og kostbar prosess som vil gjere at folk kanskje sparer på kruttet til dei er meir sikre på at dei skyter på rett person.
Me får sjå om spelet har potensial. Problemet eg har med sjangeren er at spel vil utfolde seg på liknande måtar etter kvart. Avalon/resistance blir spelt lite fordi det er dei same dilemmaene som oppstår, dei same slitte løgnene. Så me treng tid for å glømme spelet litt før det blir dradd fram igjen. Det same gjeld for werewolf, mafia, secret hitler, dark moon etc. Secret hitler var eit friskt pust fordi det er nytt og me må heile tida tenke på korleis den uvante spelmekanikken legger rammer på kva me kan/vil/bør oppnå ved å prate. Rett nivå av randomness kan gi spelet litt meir replayability… kanskje…
—
Eg kan forresten varsle at eg har tenkt å bestille Sidereal confluence når den nye versjonen kjem til butikkane i mai… om ikkje klubben har lyst å kjøpe det. Det er eit anna spel for mange personar der me handlar ressursar og bygger engines.
02/03/2020 at 23:50 #2603Thomas ThomsenParticipantSidereal ser ikkje dumt ut ??
07/07/2020 at 00:55 #2743Sten OleParticipantSidereal Confluence remastered forhåndsbestilt. Ventes ein dag i august om ikkje fleire virus slår til.
Spirit island på vei i nær framtid.
-
AuthorPosts
- You must be logged in to reply to this topic.