Velkomen til Kvinnherad brettspelklubb › Forums › Spela våre: erfaringar og vurderingar › Oath – Chronicles of Empire & Exile
- This topic has 8 replies, 2 voices, and was last updated 3 years, 2 months ago by Sten Ole.
-
AuthorPosts
-
19/08/2021 at 23:12 #3132Rune HanssenKeymaster
Behald makta eller bli styrta. Oath kastar deg inn i stresset med å handtere eit imperium der ekle, ringbefengte fingrar kastar om seg med relikviar og tynnslitte faner i eit kor av kløyvde tunger. Iallefall om du er Chancellor.
Ein spelar mot resten – sånn nesten.
Potensiale! Fordjupning kjem…
20/08/2021 at 00:11 #3133Sten OleParticipantDette spelet trur eg blir gøy med fleire. Litt vanskelig å forklare kortfatta kva det går i. Spelet handler om maktkamp i 20 dimensjonar. Spelet har Chancelloren, Eksilar og Citizens. Chancelloren skal halde ein Oath som kan f eks vere å ha militærmakt i kongeriket. Eksilane kan utfordre denne oathen, bli usurper og vinne. Evt kan dei få ein “vision” som gir dei ein alternativ måte å vinne på. Citizens prøver å oppnå eit predefinert mål om å bli successor mens dei samtidig hjelper å halde eksilane i sjakk. Eksil- og citizenrollene er heller ikkje totalt fastlåste så situasjonen er heile tida litt flytande. Det er heller ikkje berre Chancelloren si rolle å slå ned på alle seiersforsøka i spelet. Det er alle mot alle.
Spelet bruker kort med spesialkrefter og faksjoner som du bruker som verktøy for å nå måla dine. Pengar som du bruker hos nomadane går til nomadane. Når du selger hemmelighetar til ein faksjon, er du avhengig av at dei har penger å bruke. Pengane i spelet er i ein lukka økonomi som kan bli svak eller sterk etter kvart som spelet går. Korta er også i ein lukka økonomi der alt som blir discarda blir resirkulert. Discardkorta er billiggare enn nye kort. Så dei same korta setter sitt preg på gjennomspelingen. Dette gjer at du blir kjent med verktøya som du har til rådighet.
Spelet er både komplisert og mekanisk lettlært. Eit godt spel for folk som er betre til å skjule den kløyde tunga enn meg.
20/08/2021 at 10:08 #3134Sten OleParticipantReglar, reglar, reglar
Banner of the people’s favor
Når du reduserer favor på banneret, så går favoren til den fattigaste faksjonen.Banner of the darkest secret
Poweren du får frå banneret er relativt svakt. Men noko interessant med det er maktovertakelsen. Når du tar kontroll på banneret, får du 1 secret tilbake og resten går tilbake til den tidlegare eigaren. Du kan derfor på ein måte tenke at du ikkje taper secrets på å ta banneret fordi om andre tar det ifrå deg, så får du investeringen din tilbake. Men det koster indirekte at du ikkje kan bruke secretane som er bundne, så det er ikkje fantastisk. Litt interessant at banneret kan holdes trygt om advisorane dine matcher med landet, men ikkje superrelevant siden me som regel hopper rundt på kartet.Trade
Eg leste denne actionen med tåkete briller. Aner ikkje om andre også spelte denne feil. Fasit for trading for å få penger:
1 secret = 1 favor + 1 favor per matchande advisor
2 penger = 1 secret per matchande advisorCitizen refresh
Når du refresher på slutten av turen din, skal du få lik supply som Chancellor + det du hadde oppspart frå sist runde. Eg gjorde feil med å gjere dette på starten av turen.Imperial player
Når du er imperial player, chancellor eller citizen som ikkje slåss mot chancellor deler du eierskap og kreftene på Oathkeeper of Supremacy. Du ruler alt som chancelloren ruler. Du får hjelp av Chancelloren i forsvar, om chancellorpawnen er til stade, blir også hæren på playerboardet med i forsvaret. Andre imperial spelarar kan velge å melde seg på forsvaret om pawnen er på rett plass. Chancelloren velger kva warbands som dør i forsvaret.Bindande avtalar
Generelt er ikkje avtalar bindande fram i tid, men det finnes powers i spelet som kan lage slike bindande avtalar. Bindande avtalar er tvingande så lenge spelaren har mulighet til å gjere det. Også lurt å avtale kva som skjer om spelaren ikkje klarer å utføre den opprinnelige avtalen. Utenom kort-effektar og citizenship-prosessen er det ikkje mulig å gi ressursar eller anna til kvarandre. Så avtalar kan ein sjå på som table talk.—
Strategi?
Eg hadde tenkt å skrive litt om strategi. F eks at det kan vere lurt å ha litt secrets og favor på bok og gode advisors for å drive ein god økonomi. Eller skaff deg skjulte fordelar som du plutselig kan gutse fram ein win condition som ikkje klarer å stoppe. Men eg har kome fram til at alt eg klarer å tenke blir slått av Tor Inge. Strategi-tipset mitt er derfor å heile tida spørje “Kva ville Tor Inge ha gjort?”20/08/2021 at 11:41 #3135Rune HanssenKeymasterTrade
Eg hadde full kontroll på dette bortsett frå at advisorane mine var nomadar – noko som i sist spel betydde det same som null favour TIL EI KVAR TID.
Strategi
Alle sleit med sitt. 3-player virka som konstant tautrekking. Min største tabbe var å gå tom for favour. Fleire spelarar opnar opp for fleire skuggar der ein kan kvese lugubre avtalar og drive stinkande business. Eg trur eg vil vere Chancellor ein gong til. Ikkje fordi eg trur eg kan noko, men det er den einaste ynkelege erfaringa eg har.
20/08/2021 at 17:16 #3136Sten OleParticipantRegelheftet ler av Catan- og Pandemic-spelarar. Det anbefaler slike spelarar å bruke barnehage-seksjonen av reglane.
20/08/2021 at 18:08 #3137Rune HanssenKeymasterEg elskar kortstokkinstruksjonane. Følte me sklei/sklidde/skladde rett inn i spelet med regnbukse og kattedritsand på nevane.
Eg trur Exiles bør overmanne Chancellor innan fem rundar før terningen bestem om du får ein ekstra sjanse.
Styrken i spelet er nok humoren i all aktiviteten som skjer. Vinnaren skal sitje som Chancellor i neste spel, og spelet hugsar kva og kven som sist luska rundt i landet. The Saga Continues.
20/08/2021 at 23:28 #3138Sten OleParticipantEg tviler på at eksilane står sterkt når dei alle angriper Chancelloren. Det som skjer då er at Tor Inge får Oathkeeper-tittelen. Og så sliter folk med å gjere noko med det fordi dei har brukt seg opp på Chancelloren. Då må du plutseleg selge deg som citizen til underpris for å skape balanse. Så vinner Chancelloren makta igjen og sit mykje sterkare enn nokon gong.
Om noko, så føler eg at dei andre eksilane er større fiendar enn chancelloren. Dette fordi dei kan lettare vinne spelet om brettet blir kaotisk. Eg trur det er lure ting du kan gjere som eksil, men jo meir eg tenker på det, jo meir trur eg at det er eit situasjonsbetinga puslespel som sjelden har enkle svar.
Du må også hugse at no sist spelte me med militærmakt-oathen. Spelet blir heilt annleis med andre oaths, trur eg.
No trur eg at eg skal slutte å spele oath i hodet mitt. Det er ein tanketjuv.
22/08/2021 at 23:22 #3145Rune HanssenKeymasterFrå designer:
« A randomized setup of just pulling 9 cards for each of the suits works really well. When it comes to the map, I’d suggest curating things a little and building it out collectively. If it looks like the deck has some really punishing order cards, maybe build a mega city in the cradle. A little sculpting of that initial world can go a long way in creating a good backdrop for your first game and those that follow. «
Eg ordnar likevel startup slik boksen seier til neste gong 😊
23/08/2021 at 00:09 #3146Sten OleParticipantEg synst ikkje at random setup gjorde stor skade på opplevelsen i kveld. Men Det har nok sin egen sjarm at makthavarane sine ting går vidare og taparane sine ting risikerer å bli fjerna. Eg ser på nettet at med god rutine på avslutningen, så er spelet nesten klart til å spele med lite setup siden alt ligg i rekkefølge og ferdigstokka.
-
AuthorPosts
- You must be logged in to reply to this topic.