Eg må vel nesten seie noko om Saltfjord. Det er ein oppdatert versjon av Santa Maria, som eg veit lite om. Inntrykket mitt av dette er at det er Praga Caput Regni i annan innpakning med heilt andre mekanikkar. Likevel er feelingen den samme. Det er eit innvikla samsurium av ulike fokusområde som alle gir poeng.
Du henter terningar frå eit utvalg, eventuelt justerer litt på dei, så aktiverer du ei kolonne eller rad på brettet ditt til å hente ressursar, bygge meir effektar inn i brettet ditt eller oppgradere. Du kan også gå på fisketur for ekstra ressursar eller levere ressursar for poeng og liknande. Ressursane kan bli selt for fisk, bli oppgradert med fisk eller bli nedgradert gratis. Dette gjer at du som regel alltid har ein teoretisk mulighet til å gjere alt, berre at det ikkje nødvendigvis er så effektivt eller lønnsomt.
Det er eit knotete spel som utfordrer problemløyseeigenskapane dine. Å få valuta for for terningane er hovedproblemet. Og her kan motspelarane vere ei plage med å ta terningane som du ønsker først. Eller omvendt. Du kan plage andre. Du må også spele tetris på brettet ditt for å lage gode arbeidsrader. Fisketurane virker meir fråkopla frå resten av spelet, men kanskje det er mykje å hente der om du bygger dei rette tetrisbrikkene. Eg savner egentlig meir aktivitet ute på sjøen og mindre på brygga.
Spelet var heilt ok, men ironisk nok litt tørt.