Velkomen til Kvinnherad brettspelklubb › Forums › Spela våre: erfaringar og vurderingar › SETI: Search for Extraterrestrial Intelligence
- This topic has 0 replies, 1 voice, and was last updated 3 days, 22 hours ago by Sten Ole.
-
AuthorPosts
-
16/01/2025 at 23:58 #4304Sten OleParticipant
Czech Games Edition kjem igjen med ein my arbeidshest av eit spel, denne gongen om reiser rundt i solsystemet og signalvirksomhet i det ytre rom. Du skal kjent stil gjer du ein main action og så mange free actions som du orker før du lar neste spelar speler. Dette fortsetter heilt til alle har sagt pass. Så er det litt “produksjon” av nye ressursar, så gjentar du alt saman eit par gonger til.
Spelet har 3 grunnpilarar:
Den eine er solsystemet som snurrer rundt med jevne mellomrom og kan gjere reisen din i rommet kortare eller lenger. Det har også påvirkning på kva seksjonar av rommet du kan studere med observatoriene dine. Du kan enten rive deg i håret av alt du kan maksimere ut av dette systemet, eller du kan berre nyte sirkelbevegelsane og kose deg.
Den andre er kortsystemet. Dette er litt som Ark Nova eller Terraforming Mars. Det er ein mektig stokk av unike kort som du i løpet av spele kan kjøpe ein god del av. Desse er anten betre versjonar av standard actions eller så gjer dei heilt spesielle ting. Nokre gir deg oppdrag i tillegg til effekten. Dei korta som du ikkje liker, kan du bytte om til meir nyttige ressursar.
Det tredje er overraskelsesromvesner. Desse vil nok etter kvart bli mindre overraskelsesprega og meir kvardagslege. Dei gir mål og meining til å fortsette oppdagelsesaktivitetane dine etter at du har først funne dei. Dei gir derfor ein spesiell måte å skaffe seg bonusar og/eller poeng seinare i spelet. Førsteinntrykket etter å ha sett to av dei er at dei er heilt kurrante. Dei passer bra saman med resten av spelet, og dei gir ikkje regelsjokk. Om ein ønskjer at spelet plutselig skal blei eit heilt anna etter at romvesnene er oppdaga, brir du nok skuffa. Men eg synes dei var gode.
Alt i alt er dette eit fantastisk spel. Foreløpig er det beste spelet (selvfølgelig 100% objektivt) som er lansert i 2024 av dei som eg har prøvd. Eg anser det som like bra som dei andre spela som det er naturleg å samanlikne det med med tanke på kortbruk.
—
Reglar, reglar, reglar…Scan
Eg trudde me var flinke i kveld, men det var ein regelglipp som slapp gjennom. Når du scanner, skal du scanne med eit kort i kortmarket, slik me gjorde. Ein detalj me ikkje gjorde var at me også skulle ha scanna i sektoren til jorda. Om me hadde vore flinkare til å lese ikonografien hadde me kanskje skjønt dette fordi me startar med scanne-teknologi som viser både scanning med kort og scanning med jordklode. Potensialet for scanning og datainnsamling er altså mykje større.Eg sjekka litt andre ting som eg var i tvil om, men enten spelte me dei rett eller så er det så ørsmå ting at det ikkje er vits å nevne dei her. Hovudinntrykket til spelet er, på tross av feilspeling, positive.
-
AuthorPosts
- You must be logged in to reply to this topic.