Velkomen til Kvinnherad brettspelklubb › Forums › Spela våre: erfaringar og vurderingar › Sleeping Gods
- This topic has 3 replies, 3 voices, and was last updated 3 years, 7 months ago by Sten Ole.
-
AuthorPosts
-
08/05/2021 at 07:39 #3071Rune HanssenKeymaster
Du er mannskap ombord i skipet «Manticore» som har forvilla seg inn i ei anna verd etter ein mystisk storm i Kinahavet.
Kaptein Odessa og mannskapet seglar rundt på oppdagingar for å fine totems slik at mystiske gudar kan vekkjast og sende mannskapet tilbake til si eiga verd.
Spelet er ein kampanje der ein på sin tur gjer følgjande:
1. Ship action – her gjer ein husarbeid for å rydde litt opp i tokens, skadar på skipet og leiting etter mat på dekk.
2. Event – ein trekk eit kort og følgjer det som står der.
3. Actions – ein har to actions:
Travel – reis rundt på kartet gjennom stille hav, stormar og skjær eller med sjømonster i hælane.
Explore – i feltet der skipet ligg kan ein utforske nummererte stader på kartet. Slå opp i historieboka og les høgt, ta valg og få erfaring.
Market – byt varer og pengar.
Port – slapp av og få mannskapet til hektene igjen.
På turen din kan du bli utsett for Challenges eller Combat. I ein Challenge må du bestemme kven av dine crew characters som passar til oppgåva. Ein trekk så eit kort for å sjå om ein klarar å nå difficulty valuen som trengs. Historia går vidare sjølv om ein ikkje klarar oppgåva. Mannskapet blir berre meir ubrukeleg av den eventuelle straffa. Kaptein Odessa ligg midt på bordet og kan brukast av alle spelarane.
Kvar character har eigne skills ein kan nytte undervegs i spelet. Dette krev command tokens som er i limited supply og må ryddast opp med Ship Actions.
I combat har ein fire aktiveringar kvar runde. Fiendane har eit rutenett med helse som ein legg skade-tokens i etter ortogonalreglar. I dette rutenettet er det viktig å ta vekk ulike eigenskapar til fiendane før dei får brukt dei mot deg. Kvar character har også sjanse til å gje vidare ein synergitoken til neste aktive spelar og dermed gje ein liten bonus.
Alt i alt så langt fungerer spelet veldig bra. Historia er god og me kom over valg der me til og med kunne setje ein plass i brann når me ikkje fekk det me ville. Kampanjen tek opp mot 20 timar. Ein kan lett lagre spelet undervegs, og me tenkjer at ein kan spele i to timar i slengen over ein periode til ein har gjennomført spelet.
08/05/2021 at 13:01 #3073Jarle HaktorsonKeymasterSer fantastisk ut! Nok eit spel eg gjerne skulle spelt, men som grunna avgrensa tid eg må setje på vent i ti år eller så (saman med Gloomhaven, Tainted Grail og andre kampanjespel).
08/05/2021 at 13:24 #3074Sten OleParticipantDette er eit tilsynelatande flott kampanjespel der du utforsker verden, overvinner utfordringar og overlever. Strukturen er mykje lik som Tainted Grail der du balanserer samling av ressursar, overlevelse, levling og questing. Eg er usikker på om spelet har ei “klokke” som tvinger deg framover, men den er uansett ikkje så nådelaus som Tainted Grail der du jager etter å holde statuane aktive.
I forhold til Tainted Grail føler eg at skiveriene er litt mindre utvikla og enkel (men fortsatt bra). Gameplayet er derimot meir inspirerande og føles ikkje som ein jobb. Eg likte ressurshåndteringa i spelet. Det grafiske designet minna litt om eit generisk mobilspel. Det er kanskje meir akseptabelt for andre, men for meg så irriterte det meg ein del. Dei overfladiske plastikksmila på karakterane gjorde at du heia på monstrene du møtte på.
Her er det berre å plage Rune for å bli med og presse han til å holde det gåande. Eg trur eg avventer litt med å melde meg på eit nytt kampanjespel til eg har klart å rense Gloomhaven for gloom og “disembodied voices”.
10/05/2021 at 18:14 #3075Sten OleParticipantReglar, reglar…
Våpen
Du kan bare ha eitt våpen aktivt på ein person. Combat-statsane som står printa på karakteren er eit våpen. Det vil sei at når du set på eit nytt våpen, så må du velge om du skal bruke det nye våpenet eller det som er printa på karakteren når du angriper. Du kan ikkje summere effektane.Totems
Når du finn ein totem, skal du legge to milde events på event-decken. Du får betre tid til å vinne spelet. Dette sannsynleggjer at om du tek deg for god tid, så går spelet dårleg for deg. -
AuthorPosts
- You must be logged in to reply to this topic.