Velkomen til Kvinnherad brettspelklubb › Forums › Spela våre: erfaringar og vurderingar › SpaceCorps 2025 – 2300 AD
- This topic has 5 replies, 2 voices, and was last updated 3 years, 11 months ago by Rune Hanssen.
-
AuthorPosts
-
22/12/2020 at 23:18 #2914Rune HanssenKeymaster23/12/2020 at 01:53 #2915Sten OleParticipant
Premiss: Du styrer eit rom-corporation som skal tjene penger på å oppdage og kolonisere rymden. Du er ikkje aleine. Motstandarane speler same spelet. Du må gjere det du kan for å vere førstemann å nå kriteriene i kontrakter frå jorda. Det er altså konkurranse, men også samarbeid gjennom å utnytte konkurrentane sin infrastruktur og basar. Spelet foregår i 3 era’er. Første fase foregår på månen, mars og ved lagrange-punkta nær jorda og månen. Andre foregår i ytre delen av solsystemet. Siste era utspeler seg blant stjernene. Kvar fase sper på med reglar og ressursane og kostnadane aukar drastisk mellom kvar era.
Spelet bruker ein kortspel-mekanikk der me har ei hånd med kort. Me kan bruke så mange kort me vil til å utføre handlingar som vil ha ein viss styrke. Hovedhandlingane er å flytte, utforske og å bygge. Det er også andre handlingar og spesialkort i spelet.
Spelet glir godt i era 1 og era 2. Mekanikkane og hendelsane i spelet gir tematisk meining. I starten er det eit løp for å oppfylle dei beste kontraktane, “erobre” dei beste planetoidane, bruke motstandane sin infrastruktur mot dei sjølve og å posisjonere seg bra til neste era. Dei to første era’ene er veldig taktiske og reaktive. Det blei gode historiar av det. Første foten på sørpolen på Mars var Stenff Bezos sin, men istedenfor å respektere Amazon-flagget, følgte Runon Musk etter og bygde den første Mars-basen og inndrog heile belønningen frå ekspedisjonen.
I era 3 går spelet over i eit anna spor. Noko veldig gale skjer med spelet. Det føles som eit heilt anna spel. Verdiane på kontraktane falma mot krafta på permanente effektar som du enten kan få med å sanke genetisk materiale eller “revelation”, og etter kvart ved å bygg koloniar. I tillegg går spelet frå å bruke addisjon til å bruke multiplikasjonsverdiar. Spelet blir i mine auge derfor meir ustabilt der flaks avgjer mykje av gangen i spelet. Det er stor forskjell på 3+4+5 og (2+7) x 4 x 3. Fordeler bygger seg opp veldig fort. I tillegg mangler mykje av dei taktiske bevegelsane fordi i era 3 er det lagt inn ein sirup-mekanikk på ankomstar til stjernene. Du har derfor god tid til å utforske og bygge om du kom fram til ein plass først. Om du får ein god start med hurtig utreise og påfølgande gode genetiske funn, så er det vanskeleg å ikkje rase ifrå på poeng. Historien i era 3 er at Stenff Bezos lager masseproduserte kolonikompleksar fortare enn Tor Ichard Branson kan fordi Amazon kopla seg på det galaktiske internettet først. Era 3 minner om eit Splotter-spel som er avgjort dei første 10 minuttene, med unntak av at spelet er avgjort av flaks og ikkje kløkt.
Reglar: Det eg fant av FAQs og BGG-postar leda ingen stader. Dei bekrefta eigentleg berre det eg frykta., at me spelte rett. Det er mulig me berre hadde uflaks denne gongen med kva tiles som kom og kva kort som fantes. Men me er ikkje dei første som har møtt på snøball-effekten i dette spelet.
Inntrykket av era 1 og 2 er likevel fantastisk og nok til å kalle det eit bra spel.
23/12/2020 at 10:01 #2916Rune HanssenKeymasterSpelet har ein fin oppbygging til era 3. Synd randomfaktoren øydeleggjer så mykje der. Eg likar mekanikken og måla ein jobbar mot. Veldig god 3X feeling og komponentane er vakre.
Ser ikkje ut som det er planlagd noko hotfix til era 3. Houseruling er vel einaste håpet.
23/12/2020 at 11:23 #2917Sten OleParticipantTrur eg hadde godtatt era 3 meir om det ikkje gav deg 80% av poenga dine. Vanskelig å fikse noko anna utan å endre på alt. Kanskje ein kan booste viktigheten av dei andre era’ene med å gi tredobbelt poeng på era 1 og dobbelt på era 2? Eller noko i den duren? Kanskje det berre gjer ting verre…
04/01/2021 at 09:33 #2923Sten OleParticipantNoko gjekk galt forrige gong me spelte dette. Det gjekk endå verre i går. Absurd uflaks og flaks gjorde at hjula datt av spelet i era 2 denne gongen. Me avbrøyt spelet uten å spele era 3. Det var tragikomisk å sjå korleis exploration-tilane kom ut på akkurat rette måten til å skade Rune og favorisere alle andre.
Det som redda kvelden for min del var å sjå Rune og Tor Inge gå for dei same asteroidane og kontraktane, og dermed totalt øydelegge for kvarandre… tur etter tur, som to fartøy på kollisjonskurs der ingen viker unna. Men den gleden har meir med min mørke natur å gjere enn med spelet.
Spelet lever eller faller på tematikk. Mekanikkane og variansen gjer uheldigvis at du lett mister innlevelsen. Du ønsker at dette er eit slags Terraforming Mars, men du sit igjen med eit bingospel som varer for lenge. Dette er det verste GMT-spelet sidan Blackbeard. Eg trekker tilbake all ros eg tidlegare har gitt spelet. Eg blei hypnotisert av dei fine bildene av planetane.
04/01/2021 at 12:23 #2929Rune HanssenKeymaster -
AuthorPosts
- You must be logged in to reply to this topic.