Velkomen til Kvinnherad brettspelklubb › Forums › Spela våre: erfaringar og vurderingar › Vindication
- This topic has 7 replies, 4 voices, and was last updated 10 months ago by Sten Ole.
-
AuthorPosts
-
08/09/2019 at 20:48 #2149Rune HanssenKeymaster
Vakre komponentar, hard mekanikk og mange vegar til mål. Bør bli løfta meir av ekspansjonane.
Pros:
– interessant poengjag og ballansering av ressurskubar
– oversikteleg trass i mengda komponentar
– spenning rundt valg du gjer heile vegen fram til sluttenCons:
– tema blir for distansert i høve til stresset du driv med heile kvelden
– vakker grafikk og story blir overskugga av geometri og perspektiv- This topic was modified 5 years, 1 month ago by Rune Hanssen.
09/09/2019 at 16:55 #2150Jarle HaktorsonKeymaster“You are wretched…but that is not the end of your story. After a lifespent chasing wealth and excess, your cruelty and corruption have finally caught up with you. That’s why you were thrown overboard by your shipmates—left to die in the icy black sea. But in this world of surprises, that was not your destiny. Moments before vanishing into endless darkness, you wash ashore amid the ruins of a remote island where you are revived by a traveler. As you open your eyes to your bizarre new home, you find that something better—something stronger—has awakened inside you. Now, there is work to be done. You have nothing but the beating of your heart, the breath in your lungs, and a tarnished past pleading to be rewritten.”
Dette likte eg godt. Ikkje berre pga. veldig gode komponentar, hundrevis av unike, vakre illustrasjonar og godt organisert spel/lagring, men pga. fridomen og historia det skapar. Det er kalla sandbox, og det forstår eg. Slike spel er ofte mindre prega av poengjag og kalkulerte trekk, og meir av å gjere gøye ting og setje seg sjølv små mål, der ein skapar/får ei historie undervegs.
Vindication ligg litt i mellomspelet her; ein har veldig masse val kvar runde og det er gøy å berre vandre rundt og finne på ting, men du har som regel ein baktanke med det; det å på sikt auke æra di (poeng).
Det føltes likevel ikkje som eit jag; hm, kanskje eg skal få meg ein ny Companion? Hm, den var flink å sloss? Ok, då sloss eg med monster. Oi, monsteret droppa noko som fungerer bra med Relics. Hm, då må eg auke min Vision, slik at eg får tak ein Relic. Hm, då må eg auke min Wisdom først; hm, det kan eg jo gjer der, hm…
Slik blir vegen til medan du går, og det synes eg fungerte utmerka i Vindication. Kvart brett blir unikt kvar gong, og det føltes likevel balansert. Etter første speling trur eg det berre var ca. ti poeng som skilde topp og botn, og eg trur alle hadde det kjekt medan det stod på. Ei speletid på ein halvtime pr. person er realistisk.
Me har berre prøvd det vanilla så langt, men her er valfrie ekspansjonar som kan leggjast til som ein vil:
Treachery: Meir interaksjon/plaging spelarane imellom; flytt dei, stel av dei, mess up stuff.
Jewels/mines: Kan utvinne mineral som kan brukast som betaling til Companions, eller få dei forma om til magiske juvelar (ny kortbunke).
Pets: Kjæledyr! Desse gir ulike eigenskapar, eks. besøke regionar langt borte ifrå deg.
Sacred stones: Teleportasjon rundt på brettet!
Temple ruins: Nye Secret Quests!
Well of wishes: Ønskebrønn som gir forskjellige, ukjende ting.
Building sites: I staden for random draw av nye tiles/terreng, kan du byggje det du vil.
Guilds: Få ein ny, fjerde action kvar runde; bruk Guildet ditt til å fortifisere, blokkere terreng på brettet, betre eigenskapar etc.
Monuments: Bygg eit monument; eige brett. Klarar du det, får du 15 Honor.
Myths and Wonders: Eit svært monster blir plassert midt på øya. Spelarane må samarbeide om å bekjempe det. Etterpå er det deling av Loot.Og eg har endå ikkje lese på den siste ekspansjonspakken…
15/09/2019 at 01:46 #2170Sten OleParticipantSpelet imponerte. 10/10 kvalitet.
Bra:
– Relativt strømlinjeforma.
– Relativt enkelt å lære.
– Høg produksjonsverdi.
– Victory points, men gøy sjølv om du ignorerer dei.
– Herlig kube-flytte-mekanikk.
– Herlig visuelt inntrykk.Ikkje bra for alle:
– Ein del flaks.
– Du bør fleire gonger ta valg basert på kort som ligger åpent, men desse er umulig å ha oversikt over på eit stort bord.
– Spelet ender brått og uventa.
– “For mange” modifiseringsmulighetar i form av ekspansjonar.—
Reglar, reglar…
Ingen feilspeling. Kan bekrefte at å bruke ein relic er ein bonus action (max 1 gong per tur).
15/09/2019 at 13:27 #2171Jarle HaktorsonKeymasterVeldig masse samd her, to punkt fortener utdjupande kommentar:
– Spelet ender brått: Jepp, det gjorde det sist. Men første gong me spelte var det “styrt” slutt der me såg det runden før. Har nok litt med “kontroll” på brettet, men med fleire “Game End”-kort er nok ikkje dette så lett alltid. Eg trur likevel dette er noko ein kan kontrollere litt meir når ein kan spelet betre. Har også lese på forum at nokon likar litt lengre spel, og då stoppar spelet først når to Game End-kort er nådd. For min del er spelet akkurat nok ved første Game End.
– “For mange” modifiseringsmoglegheiter: Heilt samd. Dette er eit “problem” med enkelte spel. Kva skal med? Kva skal ikkje med? Finnes det ein “perfekt” kombo? Eller ein som “øydelegg” spelet? TI3 vart etterkvart ekstremt her; tusen ting som kan vere med. TI4 fjerna alt og gav deg eit komplett spel. Men nokre gøye ting forsvann også…
Når me spelte Vindication no sist, tok eg med tre “ekspansjonar” eg hadde lyst å prøve. Fleire av ekspansjonane er Tiles; då må andre Tiles bort for å få plass til desse. Nokre ekspansjonar er ikkje Tiles, men ekstrabrett og ekstra actions kvar runde; då endrar brått spelet seg. Men til det betre? Vanskeleg å vite før ein har prøvd.
Eg har som sagt endå ikkje opna eska med “Allied & Leaders” eller kva den heiter. Då får ein endå fleire moglegheiter. Eg trur likevel at me skal klare å lande på kva folk likar, og kva folk ikkje “treng”. Når ein “kan” spelet kan det kanskje vere greitt å ha mange moglegheiter? Eks. at Monuments “alltid” kan vere med, om nokon vil ta den vegen? Eller “Allies”, om nokon vil gå inn i Guilds?
Men det er litt “stress” med alle moglegheitene ja. Trur me får ha Sandbox-perspektivet, så går nok alt bra.
04/03/2020 at 00:41 #2604Thomas ThomsenParticipantDette er gøy!
4 spillere no sist. Veldig jevn ending der det var 7poeng fra vinner til idioten i gapestokken.
Vi fikk en veldig kjapp ending som vi unngikk lenge men kunne teoretisk enda spillet på under en time med endgame tiles vi starta med. Noe som gjorde secret missions vanskelige fordi dei da hadde enda spillet alt for ALT for fort iforhold til å ha det gøy.
Vi spilte med desse tillegg
-well of wishes
-guilds
-pets
-treachery trur egPersonligt synes eg det høres gøy ut med varianten at 2 endgame triggers skal slå inn. Men eg er alltids glad i å spille nermere 4timer fremfor 90minutter.
Flere tillegg bør bare med om det er et bord av folk som har spilt det før, ellers kan det bli veldig mye info i et spill med endel nytt i mekanikk aspektet samt veldig mye symbol og locations en skal få med seg iløpet av spillets gang.
Dette kan havne på topp fem neste årsmøte ??
09/03/2020 at 08:56 #2635Sten OleParticipantGjennomspeling med 3 spelarar no sist. Me spelte med guilds, treachery, 2 endgame triggers (som eg fant ut i ettertid – lol).
Eg trur spelet fungerer betre jo fleire spelarar er med slik at dei meir kompliserte stå-i-vegen-mekanikkane kjem betre i spel. Så for min del tenkjer eg no på dette spelet som eit 5-player-only-spel.
Eg synes guilds-modulen ødelagte litt. Det gir deg ein boost uten å tilføre stort anna. Det aksellererer eit spel som allerede har ein tendens til å ende ganske fort. Eg føler spelet burde fokusere rundt companions, monster, traits og relics.
Elles er dette eit avslappande og fengande nok spel som passer ypperleg om ein nettopp har brukt opp hjernekapasiteten sin på ein tung euro (i dette tilfellet Caverna). Eg har fortsatt flotte minner om eventyrene mine med min companion Johan som tok alt for mange av influence-kubane mine og gav meg alt for lite tilbake.
31/12/2023 at 04:36 #3848Sten OleParticipantProsjekt Vindication er i gang!
Eg har lurt med meg Vindication heim til klargjering av speling. Målet er å få testa den nye ekspansjonen til Chronicles samt andre rare modular som me sikkert ikkje kjem til å bruke så mykje igjen, berre for å få litt feel på dei. Eg prøvde først å researche digitalt, men dette var vanskeleg siden eg ikkje hadde oversikt over kva ekspansjonar som me hadde og det er faktisk ikkje lett å organisere alt uten at du har det foran deg.
Eg har lest gjennom det som er av reglar. Så per 31. desember så kan eg reglane, men desse er kanskje gløymt neste veke, men håpet er at eg hugsar nok til å få spelet på bordet. Som potensielt problem ser eg at utenom grunnspelet så er player-aidane mindre hjelpsomme. Me får sjå om dette er eit problem eller ikkje.
Oppsett med ekspansjonar viste seg å ikkje tillate at eg fritt kunne kombinere som eg ville. Spelet er ganske bestemt på at det skal vere 19 tiles med i spelet og kvar modul og ekspansjon legger til litt forskjellig. Ekspansjonane er også ganske bestemt på at visse ting må med og andre ikkje. Chronicles måtte med. Leaders/Alliances er med. Trekant- og monument-modulen er med. Og boss-fight-modulen er med. Då var det lite plass igjen, så det blei wishing well og secret mission tilen som tok dei siste plassane. Teleport-tilane og jewelry-modulen fekk ikkje plass. Så no skal alt det ligge klar i “Scum-bagen”.
Chronicles har events som pågår på kartet som me må ordne opp i. I tillegg vil me når me trekker kort også få ein historie og eit valg når det skjer. Dette er med på å låse opp nye abilities og bonusbrikker. I tillegg er det ein festival me kan bruke investere oss inn i. Eg er litt optimistisk at det gir spelet meir drama og mindre regnskapsfører-følelse, men kan hende det berre oppfattes som nye tannhjul i ein grå maskin.
Leaders/Alliances går ut på at når vi får nok honor, kan vi bruke krefter på å smøre ledarane i ulike faksjonar som gir oss nye abilities. Vi kan også bruke inflytelsen vår på å lage alliansar mellom ledarane. Eg trur denne ekspansjonen egentlig ikkje er god. Du har abilities som står på kort eit stykke unna deg. Og dei er heller ikkje dei mest spennande. Dei er kanskje heller ein måte å omgå problema ein møter ute på brettet. Eg er skeptisk.
Trekant- og monument-modulen er mykje forskjellig. Du har ein trekant som nesten kan brukes til alt. Alt frå å skaffe gratis honor til å beskytte kontroll, hjelpe å ha kontroll på companions og å bygge monument for honor. Trekant-brikkene virker som at dei er mest integrert for bruk i spelet. Mitt problem med dei er at dei har så mange bruksområde som ein ikkje har kontroll på og at dei er totalt utematiske.
Boss-fight-mondulen går ut på at når nokon finn ut at dei skal provosere bossen på midten av kartet, så starter ein kamp som alle må ta del i. Då vil alle på tur risikere å miste ein companion og bruke krefter for å drepe bossen. Det ender anten ved at vi vinner kampen og alle får bonusar eller at alle companions døyr og bossen får ein reset og me må fortsette spelet igjen på normal måte til bossen blir vekka igjen. Eg trur dette er den skumlaste av modulane. Egentlig er det sannsynleg at me berre jobbar rundt han, og då er han jo i praksis berre ein død tile. Det som er “fint” med han er at han har ein ganske enkel trigger å forstå. Inntil det skjer, så kan me berre ignorere kva reglar som gjeld. Dei kan me slå opp når det skjer.
Prosjektet krever ein dugnad uten like siden eg trur at minst to av modulane ikkje er liv laga, men det er uansett greit å få prøvd dei. Vindication er eit spel med 100 idear der nokre er gode og andre er elendige. Om me klarar å finne eit speloppsett som fungerer, så har dette spelet kanskje ei framtid i klubben.
31/12/2023 at 15:34 #3850Sten OleParticipantOk, ny plan! Prosjekt Vindication blir omdøypt til Prosjekt Mindre Ambisjonar!
Eg pakka ut spelet og la ut det som var av modular og testa ut 4-5 rundar med falsk 2 player-speling. Det blir for mykje. I tillegg så tilfører kvar modul til poenginflasjon slik at spelet blir ferdig tidlig uten at spelarane får til noko. Fleire av modulane treng også så mykje bordareal at det ikkje er praktisk å kombinere.
Erfaringar:
– Guild/monument-modulen gir lite utenom poenginflasjon og dårleg dokumentert regelbloat. Einaste grunnen til å ha den med er å rettferdiggjøre at spelet kjem med metall-trekantar.
– Bossfight-modulen gjer berre at du unngår å gå i midten. I tillegg gir Chronicles-modulen nok rot på kartet og då vil du ikkje ha endå meir rot.
– Leder-modulen tar opp mykje areal og du har egentlig lite lyst å bruke den. Abilityane er ganske tamme og du har ikkje lett tilgang til å lese kva dei gjer som berre er irriterande.
– Foreløpig inntrykk av Chronicles er at det skjer ting rundt om på kartet: Bra! Kvar gong du får noko så får du ein historie om korleis du fekk det og ein minibonus ut frå eit valg du tek: Uvisst om dette er bra i lengden… Festivalen er eit avløp for tokens som du ikkje veit kva anna å gjere med: Ser ut som ein blindtarm gameplay-messig.Kan også nevne at spelet ikkje er lett å organisere med alt det har av ekstradeler. Insert i eskene er direkte fiendtlege. Ting passar ikkje saman. Miniatyrane er spesielt unødvendige.
Men… no er Vindication klart til å speles!
-
AuthorPosts
- You must be logged in to reply to this topic.