Warhammer Quest – the card game

Viewing 4 posts - 1 through 4 (of 4 total)
  • Author
    Posts
  • #1352
    Rune Hanssen
    Keymaster

    Dungeon crawl utan miniatyrar og tiles. Likevel veldig atmosfærisk. Kvart quest er vondt med mykje motstand. Tilfredstillande når plan, items og terningar går i spelarane sin favør.

    Warhammer Quest - card game

    • This topic was modified 6 years, 1 month ago by Rune Hanssen.
    #1353
    Sten Ole
    Participant

    Dette spelet er reint ondskap. Du reiser inn i kloakken uten våpen eller rustning. Du får finne utstyr på veien, seier oppdragsgiveren din. Det første som skjer er at du blir overfalt av rottemenn, orcs og andre uhyre. Du leiter febrilsk rundt etter noko å slå dei med. Kameraten din roper på hjelp. Han blør stygt og kaster opp. Blodet lokker til seg fleire uhyre. Heldigvis er det ikkje deg. Du leiter vidare. Du finner veien ut, og…

    Fleire monster! Det er ikkje meir plass rundt det sprellande liket til kameraten din. Du er neste mål. Kanskje burde du ha hjelpt han mens han var levande. Men då hadde du ikkje funne den spisse pinnen. Hulens sjef, onkel super-goblin ler av deg. Du stikker med pinnen. Du dreper ei flaggermus. Dei andre monstrene ser ikkje imponerte ut. Situasjonen blir verre. Latteren kjem nærmare.

    Den andre kameraten din jubler. Han har funne legendary steel platemail of infinite vitality og veien inn til neste rom og… fleire monster. “Kvifor hjelper du meg ikkje?” klager eg. “Då hadde eg ikkje funne denne rustningen,” får eg til svar.

    Det viser seg at første kameraten fortsatt lever. Han bare kvilte seg for å samle krefter til eit siste push mot super-goblinen. Han tørker litt spy av haka si og skal til å kaste ein skarp stein mot onkelen. Steinen spretter harmlaust av hjelmen hans. Kastet har dømt kameraten din til ein sikker død siden han er omringa av monster. Du må hjelpe, men først må du bare leite etter litt meir utstyr…

    Ondskap. Berre ondskap.

    #1369
    Jarle Haktorson
    Keymaster

    Veldig bra skrive, Sten Ole! Skriv ei bok! Eg vil vite meir om kva som skjer 😉

    #1373
    Sten Ole
    Participant

    Har enno litt å gå før eg når den ugudelige skriveferdigheten til George RR Martin.

Viewing 4 posts - 1 through 4 (of 4 total)
  • You must be logged in to reply to this topic.