Twilight Imperium

Twilight Imperium

Map Unavailable

Dato / Tidspunkt

Date(s) - 14/12/2019
16:00 - 23:00


Ledige plasser: 0
Tekne plasser: 6


Påmelding

Alle plassar er tekne.

16 Comments

  1. Diplomati og samarbeid. Eg synes i grunn at TI har fungert greit på dette. Det er fleire eksempler på spelarar blant oss som lever greit som naboar i starten av spelet slik at begge oppnår ein god base. Så bryter etter kvart naboskapet saman naturleg når spelarane finn ut at den største rivalen på brettet er rett på sida.

    Det som ofte er utfordringen er når spelarar gjer irrasjonelle ting som ikkje gagner dei sjølv. “Rein øydelegging” som Jarle kaller det. Diplomati med sånne folk er umulig fordi dei bryr seg ikkje om å vinne spelet. Du kan altså aldri tilby dei noko dei vil ha. Men “rein øydelegging” kan også vere eit uttrykk for ein person ikkje forstår spelet eller det kan vere ein hevnreaksjon p.g.a. avtalebrudd eller anna. Det blir ein slags meta-strategi siden det ikkje vinn spelet, men det lærer folk å ikkje herse med deg i framtidige spel.

    Kingmaking har me diskutert før. Det kjem naturleg med i spelet fordi seieren henger på kva dei andre, ofta taparane velger å gjøre eller ikkje gjøre. Det viktigste for min del er at det blir gjort av spelmessige årsaker og ikkje fordi det er gøy å herse med person A eller fordi du er kompis med person B.

  2. Nr. 5 påmeldt: Tor Inge.
    Møte før kl. 16: Jo, det hjelper.
    Mat: Pizzabakeren føreslått. Står til motforslag blir banka igjennom.
    Sal/rom: Det får dei som kjem før kl. 16 avgjere.
    Sten Ole sitt punkt 6 + Thomas sitt spørsmål om å spele til 14 poeng: Du kan spele fleste spel på ulike måtar, som å prøve å vinne, for å berre ha det gøy, eller berre for å øydelegge for andre, eller kombinasjonar osv. Om du vil vinne i TI, bør alt du gjer hjelpe deg å skaffe VP. Desse får du på Objectives, på nokre Political cards etc. Om du har “lyst” å hevne eit angrep eller “lyst” på ein spesiell planet eller “lyst” på ein svær flåte eller “lyst” på teknologi er underordna om det faktisk hjelper deg å skaffe VP. Førstemann vinn, resten tapar. Men dette er jo eit spel som på ein episk skala også er gøy å spele, og nokon held nok gøy-perspektivet lengre framme enn VP-perspektivet. Men dette påverkar direkte speletid; for om mange går for VP, blir det eit kortare spel enn om alle berre vil ha det gøy. Så eit 14 VP-spel kan bli veldig langt om nokon vil gå for VP, der andre berre vil ha det gøy og/eller øydelegge. Legg til Kingmaking, og du har komplett TI-kveld. Rart at eg likar TI så godt, når eg i utgangspunktet ikkje er så fan av rein øydelegging eller Kingmaking. Kanskje eg skal skifte side.

  3. Alle 5 har kommentert her. Så det er the usual suspects.

    Oppsetts-algoritmen gjer at me uansett ikkje får satt ting heilt opp før alle er på plass, så det hjelper lite å kome mykje før 4. Eg kan likevel sikkert ta ansvar for å bile Rune bort med spelet i god tid.

    Ang. mat har eg ingen spesielle tankar. Hensynet til tid er nok det viktigaste. Om det ikkje blir mat kan eg også snacka det eg finn på kiwi utover kvelden. Eg tek ikkje på meg noko handleansvar. Det blir for komplisert.

    Huskereglar:
    1. Deklarer flykten før du triller i kamp.
    2. PDD er limt fast i planetane.
    3. PDD er like ondt og avskyelig som ein skulle tru.
    4. Combat-kort ødelegger alle planer, så bare spel taktisk mot dei som mangler kort.
    5. Motspelaren har alltid evner og oppgraderingar du ikkje er klar over når du deklarerer angrepet ditt, så ikkje spel taktisk i det heile.
    6. Lat som om du er snill, sånn at når vennane dine viser deg ryggen… øh… kan du backe dei opp slik at dei vinner.

  4. Hvem er nummer 5 som er påmeldt?

    Oppsettet har eg ingen motforslag til.
    Om ingen er i nød på når dei skal hjem, kunne vi prøvd å såilt «long-game» med 14(?) poeng trur eg det var. Personlig trur eg det vil føre til mer aggresivt spill tidligere.
    Skal vi sitte ute i salen som før eller inne på rommet?
    Eg kan møte tidligere å hjelpe med bord, duk og slikt om noen kjem med spillet å tar ansvar for oppsettet ??

    Når det kjem til mat er mitt forslag:
    Bakern pizza. Er kjapt, billigste (så mer peng i klubben går til spill ?)
    Eg kan ta med drikke hjemmefra.

  5. Men det er jo fint om nokon har høve å kome før, setje opp bord, leggje på duk, sortere ut kort, leggje brett-brikker i sorterte stablar etter type etc… 🙂

    Pluss kanskje handle inn energidrikke, brus, godteri, frukt etc.? Eg kan Vippse tilbake når eg kjem, så trekk eg det berre ifrå brettspelkontoen.

    Og når det gjeld mat kan me kanskje avklare det på førehand, så slepp me bruke lang tid på laurdag? Kinaen? Kebaben? Ete på restauranten, kanskje? Juletallerken på Gry Helges?

  6. Eg må på grautfest med familien og rekk først ned på biblioteket kl. 16, men me har eit oppsett (nedanfor) som får oss raskt i gong.

    Steg 1: Få utdelt to Secret Objectives.
    Steg 2: Få utdelt to tilfeldige rasar; vel ein av dei, eller kast begge, og få tildelt éin tilfeldig ny.
    Steg 3: Legg inn rasar, hak av «Star-by-star» (+ ev. “Ring balancing”) og trykk «Generate» på https://ti4-map-generator.derekpeterson.ca/
    Steg 4: Bygg galaksen, ordne sitteposisjon rundt bordet etter ferdigbygd galakse/rase.
    Steg 5: Vel ein farge og etabler deg på bordet.
    Steg 6: Trill 1d10. Høgast tal begynner å by på Speaker Token: Legg på ein control marker på Speaker Token. Rundt bordet kan så folk passe eller by med Trade Goods. Vinnarbodet får Speaker Toker, alle andre får deretter så masse Trade Goods som vinnarbodet endte på.
    Steg 7: Kast det eine Secret Objective du fekk utdelt.
    Steg 8: Ordne resten av TI4 med kort, Objectives, Custodians etc.
    Steg 9: Begynn spelet ?

    Om me “berre” blir fem spelarar, er her ein tilleggsregel i Strategy Phase:

    1. After the entire table has chosen Strategy Cards (SC), the speaker chooses one additional SC from the three remaining; this is known as the “Extra” SC. If the Extra has any trade goods on it, they are discarded. The speaker places the Extra underneath his personal SC. Trade goods are then placed on the two unchosen SCs, as usual.

    2. The Extra has no effect on initiative and cannot be stolen or discarded via any card or racial ability. For all game purposes, treat it as an SC that was not chosen this round.

    3. When the speaker takes his Strategy Action, resolve it completely, including everyone who wants to “piggyback” on its secondary. After that, resolve the secondary effect only of the Extra, starting with the speaker. Once done, return the Extra to the other unchosen SCs (do not put a trade good on it, as it was “sort of chosen” this round).

Leave a Reply