Velkomen til Kvinnherad brettspelklubb › Forums › Spela våre: erfaringar og vurderingar › Here I Stand › Reply To: Here I Stand
HERE I STAND (RUNDE 3)
Sturla var Ottoman, Espen var Frankrike, Rune var England/Protestant og Sten Ole var Hapsburg/Papacy.
Spelet åpna med ein ubunden avtale der Frankrike fekk eit kort av England mot at Frankrike holdt seg utenfor konflikten deira med Skottland. Denne avtalen blei brutt umiddelbart etter ved at Frankrike likevel gjekk for intervensjon. Åpningskrigen mellom Frankrike og Hapsburg var jevn og enda med at Hapsburg fekk victory points og Frankrike fekk kontroll på Metz. Protestantane hadde relativt lite suksess i reformasjonsarbeidet og sleit med å komme seg forbi Nürnberg. Papacy brukte mykje krefter på teologiske debattar. Ottoman gjekk relativt fort fram og tok seg inn i Buda etter kort tid. Dette trigga krig med Hapsburg.
England fekk etter kvart kontroll på Skottland etter mykje om og men og snudde etter kvart siktet mot Paris som seinare falt. Dette førte til at Frankrike måtte kapitulere for å bygge seg opp igjen. Dette tok tid. Ein ny front åpna seg mellom Hapsburg og Ottoman med relativt store hærstyrker. Det utarta seg til ein blodig konflikt som tappa Hapsburg nok til at Frankrike og England utnytta svakheten og erklærte krig. Hapsburg var på dette tidspunktet likevel relativt ressurssterk og ytte motstand over tid. Etter kvart blei trykket for høgt og Hapsburg kapitulerte på vestfronten. Krigen med Ottoman fortsatte med jevnlig stort tap av menneskeliv. Ottoman måtte i tillegg håndtere krigar i Egypt og Persia som gjorde at dei ikkje kunne enkelt bryte gjennom.
Protestant kom etter kvart med i spelet med ein påtvungen Sch****ic League-event, men var likevel ikkje bra posisjonert. Dei brukte mykje ressursar på oversetting av bibelen, men fekk liten uttelling for den franske og engelske bibelen. Når den engelske reformasjonen omsider kom i gang, blei dette hovedarena for den religiøse konflikten. Den engelske øya blei fullstendig konvertert til protestantisme i løpet av kort tid.
På dette tidspunktet var England og Frankrike nære seier. Det blei eit race om å få victory points fra krig med Hapsburg som var håplaust opptatt med Ottoman. I tillegg kriga dei med kvarandre. På få omgangar gjekk dei teologiske debattane i England veldig dårlig. Fleire viktige engelske protestantar blei brent for kjetteri og katolisismen fekk ein renesanse i nordområdene. Papacy gjekk veldig fort opp på poengskalaen. England og protestantane forsøkte å starte eigne debattar for å repararere tapet, men dette førte berre til meir skade. Spelet endte med Papacy som sigerherre.
—
Denne gongen fekk me prøvd ut 4 player og klarte å gjennomføre ei heil gjennomspeling uten å måtte avbryte. Det tok nesten 12 timar fra me møtte opp til me gjekk. Mot slutten var alle spelarane prega av dette. Basisreglane var greie å prosessere, men me måtte slå opp eit par ting underveis. Eit par feil blei gjort, men me klarte som regel å ordne det uten at spelet blei “ødelagt”.
Det at Hapsburg er ikkje uslåeleg er ein gledelig erfaring. Det kan også se ut til at spelet er relativt jevnt poengmessig mellom faksjonane. Med andre terningtrill og kort kunne resultatet fort ha vore heilt forskjellig. Spelet er fortsatt litt rart når ein speler har to faksjonar. Dette elementet er både positivt og negativt for spelaren. Det er nok større fordel enn ulempe. Det er kanskje ikkje tilfeldig at vinnaren hadde to faksjonar.
—
Som Hapsburg opplevde eg første delen som eit hav av valg. Eg tenkte at eg ville avvikle krigen med Frankrike raskt slik at eg kunne konsentrere meg om Amerika. Det blei fort eit spel som omhandla kreativ brannslukking med ein forferdelig tre-fronts-krig som aldri ville ta slutt.
Som Papacy er det tydelig at du ikkje har militærmakt til å effektivt ta og holde mange keys. Derfor blei målet å debattere mykje og ofte for å holde protestantane nede og score victory points på den måten. Mykje ressursar blei også brukt til å holde Hapsburg levande.