Reply To: Anachrony

#1103
Sten Ole
Participant

Eg er inhabil med tanke på om å vurdere kvaliteten på spelet. Det var kjekt å erfare det i praksis. Det gjekk såpass greit at eg trur neste gong spelet kjem på bordet, kan me prøve ein eller fleire av “modulane” til spelet.

Doomsday Module
Denne modulen gjer tidspunktet for impact-eventet i spelet meir flytande. Det kan skje både tidlegare of seinare. I tillegg kan spelarane gjere eksperiment som både gir poeng og endrer sannsynligheten for at impact skjer tidlegare eller seinare (styrt etter kva faksjon du speler). Det går også an å redde verden sånn at spelet avsluttes uten ein impact. Modulen egner seg i teorien ikkje for 3 spelarar.

Pioneers of New Earth
Denne modulen gir ein action for å utforske ødemarka og møte utfordringer. For å lykkes med dette må eksosuitane oppgraderes og gjeres sterkare. Denne modulen virker som den mest populære, men er ikkje kompatibel med doomsday modulen.

Guardians of the Council
Denne modulen gir mulighet til å kjøpe automatiserte robotar og fleire plassar til å bygge/rekruttere/forske.