Reply To: Nations

#1287
Sten Ole
Participant

Kombinasjonen av engine building, moderat interaksjon mellom spelarane og straff for alle element i spelet som du ikkje klarer å holde styr på, gjer dette spelet spesielt.

Personleg likar eg dette spelet litt bedre enn Through the Ages. Straffen for å ligge bak er litt mildare, og spelet har ein meir fornuftig varighet.

Gleden i spelet for taparane ligg i å sjå for seg den alternative historien som blir fortalt: Vikingar som regjerer over Tibet og Sør-Amerika med fregatt-berserkarar gjennom det snilt formulerte “colonial trading”-kortet leda av Marie Antionette. Det er både skummelt og fornøyeleg.

Reglar, reglar, reglar…

Player order
Om militærstyrken er lik, bestemmer stability kven som er først. Ellers er rekkefølgen samme som sist runde.

Persia
Når Persia speler eit dynasti-kort ved å ta eit turmoilkort, blir dette lagt oppå eitt av kolonifelta. (Rune er diskvalifisert fra gårsdagen! Det er til og med synlig på bildet!!!)