Reply To: Andean Abyss

#1516
Sten Ole
Participant

Solo test-kveld hos Sten Ole

Eg testa spelet og spelte alle 4 faksjonane etter beste evne. Her er sluttresultatet:


Bildet ser kanskje ut som at alle komponentane har blitt strødd utover bordet.

Det var ein interessant opplevelse og blei jevnt for alle spelarane utenom Government som fekk gjennomgå heilt fra begynnelsen. FARC kom til slutt seirande ut.

Oppsummering:

Spelet fekk eit propagandakort på runde 4, som vil kunne skje av og til. Dette gjekk spesielt hardt utover Government fordi FARC lurte soldatar inn i to mindre byar i sør som totalt endra det politiske landskapet på sikt. Rett etter propagandarunden fekk alle insurgents tar i anti-luft-skyts som gjorde at Government stort sett bare kunne holde på i bynære strøk.

AUC hjelpte til ei stund, men dei blei etterkvart litt for egenrådige. På bildet synes kanskje ein liten cluster med gult som herja rundt i jungelen og knuste FARC-base etter FARC-base. Bruken av terror gjorde at bistanden til government forsvant. Det blei etterkvart nødvendig for Government å ødelegge ein AUC-leir for å sette dei på plass. Etter det balanserte AUC i poengsonen der dei kom til å vinne.

Cartel brukte uroen for alt det var verdt til å flytte narkotikavirksomheten inn i byane og til Ecuador. Cartel låg usedvanleg godt an. Dei hadde nesten nok basar (som låg relativt trygt) til å ta seieren og ein backup-løysning med ei kjempeinntekt ved neste propagandafase. Men på eit seint stadium i spelet, blei dei utsatt for 3 kidnappingar. (trilla tre seksarar på rad) Etter det låg Cartel på rundt null ressursar.

FARC fekk skikkeleg driv på sakene då pengekassa til AUC gjekk tom og narkopengane flaut inn. Spredd terrorvirksomhet fekk dei over grensa til å vinne samtidig som at ingen andre hadde middel til å snu den venstreradikale vinden. På slutten av spelet hadde dei også inntatt fleire nye byar, blant anna Bogata, som hadde gjort vidare spel mot dei utfordrande.

Det var overraskelser å finne. Hovedelementet er kor “seigt” spelet er. Når ei krise oppstår, tar det fleire runder før du får ordna det fordi tur-systemet til spelet sjelden gir deg dei perfekte verktøya. I tillegg dukker det heile tida opp mini-kriser som må fikses først. Når du ser at neste kort gjør at FARC bytter ut alle våpnene til Government med vannpistoler, så må Government sei pass for å avverge det eventet.

Nye inntrykk om faksjonane:

Government: Du må aldri la FARC få overtal noko plass.

Cartel: Legg basane dine på dei mest mulig komlete plassane sånn at du ikkje blir rana.

AUC: Ver venn med government, men gjer klar til å kasta boksehanskane så snart FARC sliter.

FARC: Gjør litt av alt siden det tar mange ulike actions å håndtere alle dimensjonane samtidig.