Velkomen til Kvinnherad brettspelklubb › Forums › Ønskjeliste – nye spel › Forslag til klubb innkjøp av spill › Reply To: Forslag til klubb innkjøp av spill
![](http://kvinnherad.brettspel.no/wp-content/uploads/avatars/2/5761603b210c5-bpfull.jpg)
«Eg spelar etter interesse og energi framfor analyse og statistikk på BGG.»
Delvis enig. Eit av dei spela eg har hatt det kjekkast med, ligg på 5275 plass på BGG; hadde eg fylgt BGG sine rankings, hadde eg nok aldri klart å scrolle meg ned til det ein gong. Så interesse og energi fann det. Men det er også mykje god info på BGG; når 475 personar seier at du ikkje bør spele Mage Knight med 4 spelarar, lyttar du litt meir på dei, enn dei 30 som meiner det er best med 4. Eg har jo sjølvsagt prøvd det med både 2 og 4, og støttar dei 475. Faktisk pleier ofte eg å vere einig i BGG sine statistikkar når det gjeld talet på spelarar.
«Smak og behag…»
Sjølvsagt. Mat. Film. Musikk. Brettspel osv. For min del var t.d. The Gallerist å flytte rundt på brikker og min/maxe, medan Lords of Hellas var “OMFG; look at that ugly motherfucking Minotaur; CHARGE!!!”
Root
Det er «umogleg» å få tak i; det vart omtrent berre trykt opp nok eksemplar til å dekkje backers på Kickstarter. Ser ut som det kjem nytt opplag i februar i USA og i mars til Europa. Har meldt meg på bestillingsliste.
Nytt forslag: Great Western Trail.
Veit lite om dette spelet, men eit aktivt brettspel-søskenbarn på austlandet seier dette er godt likt i klubben der. https://boardgamegeek.com/boardgame/193738/great-western-trail