Forslag til klubb innkjøp av spill

Velkomen til Kvinnherad Brettspelklubb! Forums Ønskjeliste – nye spel Forslag til klubb innkjøp av spill

This topic contains 16 replies, has 5 voices, and was last updated by  Rune Hanssen 1 month, 1 week ago.

Viewing 15 posts - 1 through 15 (of 17 total)
  • Author
    Posts
  • #1527

    Thomas Thomsen
    Participant

    Tenkte bare starte kaste ut spill namn forslag her som dere i styret kan vurdere til alles gode.

    Tar med info som antall spillere og vekt slik at det blir «lettere» å se over samt en liten kategorisk beskrivelse.

    Root – klare ikkje sette dette i en kategori, men såg meget bra ut med ekstrem replayability faktor.
    2-4
    3,43/5

    Spirit Island – coop/actioncards/enginebuilding
    1-4
    3,94/5

    Nemesis – coop defector/survival/ scifi
    1-5
    3,35/5

    On Mars – engine building/meeple placement/resource management
    2-4

    #1531

    Rune Hanssen
    Keymaster

    Nemesis er på veg til meg 😉

    #1534

    Jarle Haktorson
    Keymaster

    Bra med forslag! Men nokon må også vere djevelens advokat…

    Root fylgde eg med på Kickstarteren. Det som gjorde at eg ikkje backa den, var at mekanikken såg veldig ut som “stopp X, eller så vinn X”. Med andre ord handlar det om å ta ansvar for at X ikkje vinn, og om nokon ikkje tek ansvar, vinn X. Slike spel kan bli kjipe, då ein kan tenkje meir på seg sjølv, og då “må” nokon andre ta ansvar osv… Det er greitt slik som i HIS, der me alle rotta oss mot Protestants når dei heldt på å vinne, men det var éin gong i løpet av heile spelet; resten av tida utvikla du deg sjølv. Her er eg usikker… Men eg kjenner Root for lite; det er berre min første tanke.

    Spirit Island, også ein KS. Co-op kan fungere bra, så lenge det ikkje blir slik at éin spelar som “kan” spelet seier til alle kva dei skal gjere (for det er lurt for å klare spelet). Då er det eigentleg berre éin som speler. Problemet med Spirit Island er likevel at dei fleste ser ut til å seie at dette eigentleg er eit 2-player spel, sjølv om det har “delar” til opp til 4. Og 2-player spel har me veldig mange av som aldri/sjeldan blir spelt.

    Nemesis backa eg nesten, men den var veldig dyr. Så tipsa eg Rune, så backa han det 🙂 Dette er eg ganske trygg på er bra. Både Lords of Hellas og Edge: Dawnfall er kvalitet og gode spel tvers igjennom.

    On Mars; ligg nok framme i år 2036 før det kjem ut. Men; designeren har laga veldig mange spel eg synes berre er midt på treet (Vinhos, CO2, The Gallerist…), så eg er ikkje så veldig gira. Men temaet her virkar jo spennande.

    Konklusjon: Bra med forslag! Ikkje bli støtt av min skepsis 😀 Kom med fleire forslag! (Som eg kan slakte)! Neida! Men bra med diskusjon; det skapar engasjement! Om andre vil ha nokon av desse spela i lista, lovar det godt for speletid for spela, og det er jo meininga 🙂

    #1535

    Thomas Thomsen
    Participant

    Slakt er bra start for å få ting igang 👍🏻

    #1536

    Rune Hanssen
    Keymaster

    Eg slaktar ikkje det Lacerda lagar. Er godt fornøgd med Vinhos, CO2 osv…

    Eg spelar etter interesse og energi framfor analyse og statistikk på BGG. Ein får det ikkje gøyare enn kva ein vil sjølv.

    Coop-spel har sine svakhetar med alfaspelarar, men dei er gøye om folk rundt bordet slepp seg laus frå sannsyn og prosent 🤓

    #1537

    Sten Ole
    Participant

    Eg nevner to spel i worker placement-sjangeren. Det finnes mange andre gode spel der ute, men dei fleste av dei eg kjem på passar nok ikkje klubben eller at det er spel eg ikkje kjenner til.

    Trickerion – Rivalisering mellom klassiske magikarar. Tungt worker placement-spel med litt spesielle reglar for korleis du plasserer dei. Samme designerar som Anachrony.

    Euphoria – Dystopisk framtidsindustri. Gammalt spel, men eg trur med dei spelarane som er i klubben at dette er noko som vil kunne fenge.

    Eg er positiv til Root (sjølv om eg blir kvalm av tematikken). Har ingen tanker om dei andre spela.

    #1538

    Sten Ole
    Participant

    Spel eg har likt: Gallerist, Vinhos
    Spel eg har mislikt: Lords of Hellas

    Smak og behag…

    #1539

    Jarle Haktorson
    Keymaster

    «Eg spelar etter interesse og energi framfor analyse og statistikk på BGG.»
    Delvis enig. Eit av dei spela eg har hatt det kjekkast med, ligg på 5275 plass på BGG; hadde eg fylgt BGG sine rankings, hadde eg nok aldri klart å scrolle meg ned til det ein gong. Så interesse og energi fann det. Men det er også mykje god info på BGG; når 475 personar seier at du ikkje bør spele Mage Knight med 4 spelarar, lyttar du litt meir på dei, enn dei 30 som meiner det er best med 4. Eg har jo sjølvsagt prøvd det med både 2 og 4, og støttar dei 475. Faktisk pleier ofte eg å vere einig i BGG sine statistikkar når det gjeld talet på spelarar.

    «Smak og behag…»
    Sjølvsagt. Mat. Film. Musikk. Brettspel osv. For min del var t.d. The Gallerist å flytte rundt på brikker og min/maxe, medan Lords of Hellas var “OMFG; look at that ugly motherfucking Minotaur; CHARGE!!!”

    Root
    Det er «umogleg» å få tak i; det vart omtrent berre trykt opp nok eksemplar til å dekkje backers på Kickstarter. Ser ut som det kjem nytt opplag i februar i USA og i mars til Europa. Har meldt meg på bestillingsliste.

    Nytt forslag: Great Western Trail.
    Veit lite om dette spelet, men eit aktivt brettspel-søskenbarn på austlandet seier dette er godt likt i klubben der. https://boardgamegeek.com/boardgame/193738/great-western-trail

    #1541

    Sten Ole
    Participant

    Såg ein video av Nemesis. Det såg dritgøy ut (så lenge terningane oppfører seg).

    #1542

    Thomas Thomsen
    Participant

    Flott at ballen begynner rulle, er alltid uenighet rundt spill. Som klubb er det helt naturligt, klare nok ikkje finne spill alle liker.

    Eg får desverre ikkje edita top posten slik at eg kan oppdatere liste der etter som nye forslag kjem.

    Om noen av dere kan det hadde det vært fint slik at det blir en bedre og lettere oversikt der etterhvert som nye forslag kjem inn.

    #1543

    Sten Ole
    Participant

    Det mest oversiktlege og som tar minst arbeid er vel om nokon putter lista med spel inn bgg-kontoen til brettspelklubben i wishlist. Der finnes kategoriane:

    • Must have (Kanskje for spel som allerede er kjøpt og på vei eller er forhåndsbestilt)
    • Love to have (Spel som skal kjøpes)
    • Like to have (Spel som “styret” eller mobben er positive til)
    • Thinking about it (Spel som har blitt nevnt på forumet)
    • Don’t buy this (Spel som har blitt nevnt på forumet og nedstemt)

    Du har vel tilgang der, Thomas, så det er ein perfekt jobb for deg.

    #1584

    Jarle Haktorson
    Keymaster

    ROOT er på veg i posten! Kanskje klart til årsmøtet…!

    #1719

    Ola Grasdal
    Participant

    Gloomhaven

    #2018

    Sten Ole
    Participant

    Trickerion i hus.

    #2020

    Jarle Haktorson
    Keymaster

    Etter mi meining treng klubben fleire dedikerte/reine 3-player spel; altså laga for akkurat tre.
    Forslag:

    https://boardgamegeek.com/boardgame/193949

    Kommentar?

Viewing 15 posts - 1 through 15 (of 17 total)

You must be logged in to reply to this topic.