Velkomen til Kvinnherad brettspelklubb › Forums › Spela våre: erfaringar og vurderingar › Warhammer Quest: Blackstone Fortress › Reply To: Warhammer Quest: Blackstone Fortress
Har no lest vidare og funne ut kva spelarane eigentleg skal oppnå.
Storyen i spelet er at flåten til Rogue Trader Janus Draik har docka med Precipice som er ein romstasjon bygd av gamle vrak som ligg i bane rundt mystiske Blackstone Fortress. På Precipice kan ein vaske seg og drive handel mellom ekspedisjonane.
Archeotech kan bytast inn i utstyr til kvar character. Kvart skip har sine kort med utstyr. Spelarane handlar etter tur. Første ekspedisjon går ut på å finne fire clues (ein finn også Archeotech). Med fire clues har ein kartlagt ei rute til ein av fire Strongholds, som ein kan velgje å angripe.
Målet er å angripe alle fire Strongholds før ein til slutt finn The Hidden Vault. Om spelarane klarar å erobre dette, har dei fullført Warhammer Quest: Blackstone Fortress.
Som ein variant kan ein også spele med leader points for å lage litt konkurranse. Då noterer ein ned kor mange poeng kvar spelar opparbeiderer seg gjennom suksess i combat på kvar ekspedisjon. Interessant.
Spelet har eigne Stasis Chambers (plastlommer) til å lagre framgongen til kvar character etter kvar spelekveld.
- This reply was modified 5 years, 9 months ago by Rune Hanssen.