Warhammer Quest: Blackstone Fortress

Viewing 9 posts - 1 through 9 (of 9 total)
  • Author
    Posts
  • #1560
    Rune Hanssen
    Keymaster

    Då eg var yngre enn 10 år, fekk eg HeroQuest til jul. Det var eit fantastisk Dungeon-Crawl-spel av den gamle sorten. Games Workshop utvikla spelet vidare til serien Warhammer Quest, og den siste varianten tek for seg den rike og dystre sci-fi settingen 40000 år fram i tid. Spelet er eit samarbeidspel og kan spelast med eller utan ein «ond» motspelar.

    Me har no køyrt gjennom regel-scenarioet. Reglane glir nokså fint og terningsystemet er enkelt med nok innhald til at det blir interessant og gøy. Flyten i spelet gjekk betre og betre. Om ein likar spelekveldar der ein kan slappe av mentalt og berre nyte stemninga med fine komponentar og passe fin terningmekanikk, er dette spelet perfekt!

    Blackstone Fortress

    • This topic was modified 2 years, 2 months ago by Rune Hanssen.
    • This topic was modified 2 years, 2 months ago by Rune Hanssen.
    #1563
    Sten Ole
    Participant

    Eit vakkert bidrag til dungeon crawl / coop-sjangeren. Eg har lite å utsette på korleis det fungerer. Reglane var enkle nok til at det fløyt bra men med nok nyansar til at det ikkje føltes banalt. Karakterane var unike nok til at me følte me kunne gjere ting som dei andre ikkje kunne gjere. Terningane skapte drama uten å skape katastrofe.

    Eg liker spesielt godt at i tillegg til personlege action-terningar de har ein felleskasse med action-terningar som laget forvalter i fellesskap. Det gir rom for at dei trengande eller dei i kritiske situasjoner får gjort det dei skal.

    #1567
    Rune Hanssen
    Keymaster

    Har no lest vidare og funne ut kva spelarane eigentleg skal oppnå.

    Storyen i spelet er at flåten til Rogue Trader Janus Draik har docka med Precipice som er ein romstasjon bygd av gamle vrak som ligg i bane rundt mystiske Blackstone Fortress. På Precipice kan ein vaske seg og drive handel mellom ekspedisjonane.

    Archeotech kan bytast inn i utstyr til kvar character. Kvart skip har sine kort med utstyr. Spelarane handlar etter tur. Første ekspedisjon går ut på å finne fire clues (ein finn også Archeotech). Med fire clues har ein kartlagt ei rute til ein av fire Strongholds, som ein kan velgje å angripe.

    Målet er å angripe alle fire Strongholds før ein til slutt finn The Hidden Vault. Om spelarane klarar å erobre dette, har dei fullført Warhammer Quest: Blackstone Fortress.

    Som ein variant kan ein også spele med leader points for å lage litt konkurranse. Då noterer ein ned kor mange poeng kvar spelar opparbeiderer seg gjennom suksess i combat på kvar ekspedisjon. Interessant.

    Spelet har eigne Stasis Chambers (plastlommer) til å lagre framgongen til kvar character etter kvar spelekveld.

    Janus Draik

    • This reply was modified 2 years, 2 months ago by Rune Hanssen.
    #1572
    Sten Ole
    Participant

    Ny gjennomspeling, nye erfaringar.

    Me fekk spelt gjennom ein heil ekspedisjon og testa post-ekspedisjonssystemet (Legacy-delen) som har hengt som eit klamt spøkelse over spelet. Reglar har krystallisert seg og både gjort at limen i spelet henger meir saman og at spelinga går lettare og fortare.

    Erfaringa er at dette spelet er tidvis dødeleg om terningane ikkje er på laget ditt. Karakteren min dødde på første exploration-kortet etter 2 terningtrill. Så resten av spelet lånte eg Tor Inge sin andre karakter. I tillegg var det situasjonar som nesten med sikkerhet må bli brutale, f eks at mange fiendar blir deploya på sida av deg og fyrer av øyeblikkeleg. Spelet spisst og biter ifra seg om du har sølt salt eller knust speil i nær fortid. Det skal seies at sjølv om me “dør”, blir me ikkje erklært døde før restane av karakteren blir bragt tilbake til “hovedkvarteret” etter ekspedisjonen.

    Legacy-delen blei ein epilog på eventyret. Det er ukjent om me speler spelet igjen. Spørsmålet er også om eg liker karakteren min nok til at eg ønsker å fortsette med samme. Legacy-aspektet lager i alle fall ei ramme rundt spelet. Me gjekk på ein ekspedisjon ikkje for ekspedisjonen sin del, men for å samle clues og kjøpe utstyr til noko større og djupare.

    Eit lite savn eg har i spelet er mangel på story-baserte hendingar. Eg føler ikkje at mitt valg av karakter har særleg å sei for speleforløpet. Det er kun eit verktøy for taktikkeri på arenaen. Lootet me får me oss er primært “clue” og “archeotech” som ikkje gir særleg smak på opplevelsen og ikkje gir nye evner heller. Storyen blir ikkje mata til deg, men du er avhengig av at miniatyrane, kartet og grievous wounds er nok til å fore fantasien. Eg føler ikkje eg er der heilt 100% og er berre delvis med på WH40K-tematikken. Alt eg veit om WH40K har eg frå Dawn of War-serien i PC-verdenen (kan anbefales både singleplayer og multiplayer) og at det er eit populært tabletop miniatyr-krigsspel som milliardvis av miniatyr-nerder speler (og samler/maler).

    Tips: Ikkje la Tor Inge trilla for fiendane.

    #1573
    Rune Hanssen
    Keymaster

    Heilt rett i at storyen ikkje blir mata til deg slik som i t.d. Arkham Horror. Games Workshop lagar først og fremst miniatyrspel, og dette er vinkla deretter. Det hjelper å kunne den vanvittige bakgrunnen til 40k-universet.

    Likevel liker eg at me krydrar storyen sjølv med det som skjer undervegs. Spelet er ganske enkelt i botn og grunn.

    #1687
    Rune Hanssen
    Keymaster

    The Dreaded Ambull

    #1688
    Sten Ole
    Participant

    Spelet var ikkje vanskeleg nok fra før, så du måtte kjøpe inn eit nytt monster?

    #1689
    Rune Hanssen
    Keymaster

    Spelet var jo lett! At ein og anna Navigator ikkje klarar å hoppe over eit lite hol må me rekne med ?

    #1690
    Rune Hanssen
    Keymaster

    Spelet var jo lett! At ein og anna Navigator ikkje klarar å hoppe over eit lite hol må me rekne med ?

Viewing 9 posts - 1 through 9 (of 9 total)
  • You must be logged in to reply to this topic.