Velkomen til Kvinnherad brettspelklubb › Forums › Spela våre: erfaringar og vurderingar › Village › Reply To: Village
Eg står ved at dette spelet fortener 3.-plassen på topp 5 lista mi. Kan hende at eg egentleg likar meir “episke” spel, men topp 5 lista trengte ein “lettvektar” og i den klassen er det få spel eg likar like godt.
– Spelet har god “flow”. Spelarane gjer små avgrensa valg som likevel ikkje føles irrelevante.
– Spelet er unikt innenfor sin sjanger. Worker placement skjer ved å velge ein kube som kanskje inneberer at du bruker ein worker, kanskje ikkje.
– Du kan spele spelet med ulike tilnærmingar. Du velger sjølv kva du vil fokusere mest på og det er ikkje opplagt kva som er best. Skal du dominere reise-yrket? Skal du dominere kyrkja? Skal du satse alt på markedet? Eller skal du dominere bygdeboka ved å la folk dø strategisk?
– Spelet har ressursar som er både positive og negative. Tid og død er ressursar som må forvaltes. Dersom dei rette folkene dør til rett tid ender du opp med ekstra poeng. Død er også måten å styre at spelet avsluttes.
Men…
Er dette spelet du grubler på når du kjem heim? Nei.
Er temaet fengande med levande karakterar og eventyr? Nei.
Gir spelet mulighet til å trykke motspelarane ned i driten med diplomati og angrep? Nei.
Er dette spelet som etterlater sterke minner? Nei.
Er grafikken i spelet fantastisk flott? Nei.