Reply To: Bunn 5

#1820
Einar Bogsnes
Participant

1. Pandemic
Eit medlem av Trondheim’s brettspelklubb oppsummerte mine tankar veldig bra med følgande setning: “Når 4 spelarar sitter og speler pandemic så er det egentlig 1 person som sitter og speler pandemic, og 3 personar som sitter og trur dei speler pandemic.”

2. Elder Sign
Husker ikkje mykje om spelet utenom at det var alt for mange terningar som blei kasta.

3. Citadels
Husker lite av det utenom at eg syntes man bare blei stuck utan å få gjort noko litt for ofte, og endte opp med at mange rundar var ganske kjedelige.

4. Here I Stand
Veldig mange ting som foregår, men lite “payoff” for kompleksiteten. Kort med masse interessant tekst, men teksten er irrelevant 90% av tida. Igjen for store mengder med terninger som blir kasta. Tar veldig lang tid og krever mange spelarar, og meiner at det er veldig mange spel i den kategorien som bare er mykje kjekkere å spela (Game of Thrones, Twilight Imperium, Eclipse, Rex, etc.). Føles litt slemt ut å ha det her når dei andre spelene er klart dårligere med stor margin, men grunnen er vel i stor grad korleis det føles litt som bortsløst potensiale å spele dette spelet når ein er samla i ein gjeng som også kunne ha spelt eit anna 6-timersspel i staden.

5. Power Grid
Dette var egentlig eit ganske gøy spel, og mange ville sikkert ha tenkt at eg elska dette spelet, men merker at eg savner ein “wow” faktor i dette spelet. Det er ingenting som får meg til å tenkte “skulle gjerne tatt meg ein ny runde power grid” fordi eg føler at etter å ha spelt det 2-3 gonger så har du opplevd alt du kjem til å oppleve. Og dersom eg har lyst på eit taktisk spel med få “wow”-faktorar og slikt vil eg heller berre spela eit spel som sjakk eller noko i staden. Power Grid faller liksom i det området der det verken er stabilt og taktisk nok til at eg har lyst til å investere mykje tid i det samtidig som det ikkje har nok hype til å lura meg med på ein ny runde med ny strategi.

  • This reply was modified 4 years, 11 months ago by Einar Bogsnes.
  • This reply was modified 4 years, 11 months ago by Einar Bogsnes.
  • This reply was modified 4 years, 11 months ago by Einar Bogsnes.