Bunn 5

This topic contains 6 replies, has 5 voices, and was last updated by  Marius Blom 3 months, 2 weeks ago.

Viewing 7 posts - 1 through 7 (of 7 total)
  • Author
    Posts
  • #1811

    Sten Ole
    Participant

    Inspirert av Einar sin idé om at me burde ha ein brenneliste, tenkte eg at det kunne vore gøy å liste opp dei verste spela i klubben. For å unngå at lista blir full av Ludo og Stigespelet, så kan me sei at lista må vere spel som klubben har eller som nokon i klubben har og som det er ein viss sannsynleghet at kjem på bordet. Lista er ikkje meint som personlege angrep mot andre i klubben, men om det blir tolka slik, så får det vere ein bonus.

    5. Dead of Winter
    Alt ligg til rette for at dette skal vere eit gøy spel. Du har karakterar som vader rundt i zombiar i eit survival-rammeverk med traitor-mekanikk. Men scenariene er totalt uinteressante. Karakterane dør som fluer så du har ikkje akkurat noko tilknytning til dei. Traitor/semi-kooperativ-delen av spelet (om det i det heile finnes ein traitor) drukner bort i matbingoen.

    4. Junta
    Bananrepublikkar fungerer bedre enn dette spelet. Det kombinerer ein letthjerta og kjapp “mobbemaskin” med eit seigt taktisk spel der resultatet ofte er gitt på forhånd, men som eigentleg bør speles ut for at juntaen skal kunne legge press på presidenten.

    3. Alien Artifacts
    Dette spelet burde vere eit enkelt engine-building-kortspel. Men reglane er vanskelegare enn dei hadde trengt å vere. Regel-lefsa er skrevet tvetydig, ufullstendig og med fokus på at det skal sjå fint ut heller enn at det skal vere forståeleg. På toppen føles spelet heilt styrt av tilfeldigheter.

    2. Deception: Murder in Hong Kong
    Eg skal ikkje eingong undersøkje om eg har skrevet navnet rett. Dette spelet er codenames med avalon-roller. Me har visstnok vore uheldig dei gongane me har prøvd dette. Likevel har forensic investigatoren nesten ingen morsomme verktøy til å gi hint på. Morderen kan også fritt velge kortkombinasjonar som er totalt meiningslause, så handlingen simulerer ikkje akkurat eit mord.

    1. Lobotomy
    Mentalsjukehus burde vere ein interessant arena for eit eventyr i brettspelform. Dessverre er spelet ikkje anna enn eit taktisk-combat-spel, og berre ein middelmådig utgåve av sin sjanger.

    Eg har snakka ned ein del andre spel i klubben, men dei fortjener ikkje ilden på same måte som spela på denne lista.

    #1817

    Thomas Thomsen
    Participant

    Brenn driten liste,

    1.panamax
    Aldrig før har et tema engasjert meg mindre en å flytte ting fra båt til båt og så blargfengbllueblargh nei takk.

    2.game of thrones
    Eg liker mye ved spillet. Men er for min del 100% random. Får vi ny vote iløpet av kvelden eller kan eg aldrig bruke stjerne ordrer? Kjem det noen gang produksjon? Combat med kort har eg aldrig likt.

    3.dungeon pets
    Aldrig har et spill blitt mer påvirka av turn order. Er du sist er du screwed om dei andre kan spillet. Utilgiveligt imo.

    4.blood rage
    Random shit random shit. Ludo med kule figurer og tøft tema. Combat med kort

    5.alien artifacts
    Sci-fi er eg jo alltid skeptisk til.
    Her var det engine building med mulighet for å angripe hverandre. Utforske universet etter mektige artifacts. Mye tech og egentlig alt som skal til. Så kom det vel tydelig frem at det egentlig bare er 1 måte å spille det på skal en vinne. Nei vinne er ikkje alt og oftest den minst viktige faktoren for om et spill er bra eller ikkje. Men her om noen kjører military å begynner angripe så ikkje bare vinner dei men samtidig må dei herje med resten og da får egentlig aldrig dei spille spillet heller. Så blir nesten et reint kamp spill med alt det positive i starten lagt bak i fokus. Synd for dette virka sjef i starten.

    #1818

    Thomas Thomsen
    Participant

    Scythe var innom lista før eg satt det opp. Men er rett ut for bra enginebuilding element med i spillet og et håp for fremtida der ein plass som er nok til å ikkje brenne 😂

    #1820

    Einar Bogsnes
    Participant

    1. Pandemic
    Eit medlem av Trondheim’s brettspelklubb oppsummerte mine tankar veldig bra med følgande setning: “Når 4 spelarar sitter og speler pandemic så er det egentlig 1 person som sitter og speler pandemic, og 3 personar som sitter og trur dei speler pandemic.”

    2. Elder Sign
    Husker ikkje mykje om spelet utenom at det var alt for mange terningar som blei kasta.

    3. Citadels
    Husker lite av det utenom at eg syntes man bare blei stuck utan å få gjort noko litt for ofte, og endte opp med at mange rundar var ganske kjedelige.

    4. Here I Stand
    Veldig mange ting som foregår, men lite “payoff” for kompleksiteten. Kort med masse interessant tekst, men teksten er irrelevant 90% av tida. Igjen for store mengder med terninger som blir kasta. Tar veldig lang tid og krever mange spelarar, og meiner at det er veldig mange spel i den kategorien som bare er mykje kjekkere å spela (Game of Thrones, Twilight Imperium, Eclipse, Rex, etc.). Føles litt slemt ut å ha det her når dei andre spelene er klart dårligere med stor margin, men grunnen er vel i stor grad korleis det føles litt som bortsløst potensiale å spele dette spelet når ein er samla i ein gjeng som også kunne ha spelt eit anna 6-timersspel i staden.

    5. Power Grid
    Dette var egentlig eit ganske gøy spel, og mange ville sikkert ha tenkt at eg elska dette spelet, men merker at eg savner ein “wow” faktor i dette spelet. Det er ingenting som får meg til å tenkte “skulle gjerne tatt meg ein ny runde power grid” fordi eg føler at etter å ha spelt det 2-3 gonger så har du opplevd alt du kjem til å oppleve. Og dersom eg har lyst på eit taktisk spel med få “wow”-faktorar og slikt vil eg heller berre spela eit spel som sjakk eller noko i staden. Power Grid faller liksom i det området der det verken er stabilt og taktisk nok til at eg har lyst til å investere mykje tid i det samtidig som det ikkje har nok hype til å lura meg med på ein ny runde med ny strategi.

    #1842

    Jarle Haktorson
    Keymaster

    Ofte kan det ta litt tid før eit spel fell på plass. Anten fordi det har vore rot med reglar eller at ein ikkje «forstår» det heilt første gongen. Difor vil eg vere forsiktig med å dømme spel som eg har spelt lite, sjølv om eg likevel har ei slags liste på slutten her.

    Spel som eg har spelt fleire gonger føler eg meg meir kvalifisert til å kunne brenne; då veit eg meir kva spelet har å by på og kva potensiale som ligg der.

    Men når eg tenkjer på det; eg har nok ingen spel som hamnar i brenne-kategorien. Det er spel eg likar betre enn andre, men ingen som er så elendige at eg vil brenne dei; ikkje av dei me har på BGG-lista i alle fall (og som faktisk blir spelt).

    Men; det er spel i klubben som eg berre har spelt éin gong, som ikkje har falle på plass. Dei har på eit eller anna vis gitt meg ganske lite og eigentleg frista lite til å prøve på ny. Samtidig trur eg dei er gode spel, berre eg får prøvd dei eit par gonger til. Skulle dei då framleis gi meg like lite, kan eg godt begynne på ei brenneliste.

    Så her er nokre slike spel i alfabetisk rekkjefølgje: Brass: Lancashire, Gaia Project, The Gallerist, Imperial Settlers, Pandemic, Power Grid.

    #1876

    Marius Blom
    Participant

    Hah! Føler ein stor trang til å gi mi meining her!

    1. Game of Thrones!
    Har lenge vært eit spel eg har trua med å snu i døra om det kommer på bordet. Har prøvd det i ettertid utenfor klubben, og det var like fælt.

    2. Carcassonne
    Va egentlig bare kjedelig å spille.

    3. Shadows over Camelot
    Spillet hadde enormt potensiale, og var til tider veldig gøy. Men etter kjøp av BSG, så var ikke Shadows over Camelot spillbart lengre.

    4. Runewars!
    Har prøvd fleire versjoner, har prøvd det fleire ganger, har gjort mitt beste på å prøve å lika spelet, men har ingen planer om å spille det igjen.

    5. Lobotomy
    Dette spelet er egentlig berre her fordi eg ikkje kom på nokre andre i farta. Har berre prøvd det ein gong, og er ikkje veldig frista til å prøve det igjen.

    #1877

    Marius Blom
    Participant

    Så her er nokre slike spel i alfabetisk rekkjefølgje: Brass: Lancashire, Gaia Project, The Gallerist, Imperial Settlers, Pandemic, Power Grid.

    Gaia Project ligg ganske høgt på mi liste over spel eg har lyst å spela igjen.

Viewing 7 posts - 1 through 7 (of 7 total)

You must be logged in to reply to this topic.