Reply To: Star Wars: Outer Rim

#1969
Sten Ole
Participant

Eg synes både Outer Rim og Xia står på eigne bein. Gangen i spela er veldig lik, men Xia gir meir rom for å skreddersy skipet ditt og har eit system som i større grad simulerer skade “betre”. Outer Rim føles som om det har meir fortelling sjølv om desse vil føles mindre varierte jo meir spelet blir spelt. Xia har meir varians og større tendens til å vilkårleg drepe deg. Å bli drept er også meir plagsomt i det spelet. Xia er også meir aggressivt mellom spelarane fordi dei har meir mulighet og insentiv for å angripe kvarandre.

Noko som irriterer meg mest med både Xia og Outer Rim er at begge har fame (eller victory points) som win condition. Det gjør at begge spela føles litt som arbeid og mindre som ei oppdagelsesferd. Eg vil gjere ting fordi dei er fortellingsmessig interessante, ikkje fordi handling X gir 1 fame meir enn handling Y. Både Xia og Outer Rim tvinger meg til å velge.

Min dom over spela er at Outer Rim er bedre fram til du har spelt begge spela 10+ gonger fordi då vil du kjenne igjen kortene og karakterane og kva dei fører til reint mekanisk. Xia er altså spelet som vil holde seg betre over tid… kanskje.