Velkomen til Kvinnherad brettspelklubb › Forums › Spela våre: erfaringar og vurderingar › Nemesis › Reply To: Nemesis
Reglar, reglar, reglar…
Noise ved unormal flytting
Alle flytt utløyser noise roll så lenge det ikkje står at du ikkje skal trille. Dvs, mekanikerflyttekortet, supressive fire. escapes utløyser noise…
Interrupt
Interrupt-kort kan brukes sjølv om du har meldt pass.
Skadematematikk
Eg sa visst feil: 2 light wound + 2 light wound = 1 serious wound + 1 light wound.
Actions i kamp
Offisiell FAQ om actions som er lov å bruke i kamp: Shoot, melee, move (escape); kort som ikkje har “not in combat”-symbolet.
Ikkje lov i kamp: room actions eller quest item actions. Og altså heller ikkje lov til å plukke opp ting, crafte ting eller trade ting.
Actionkort uten symbol betyr at dei kan brukes både i og utenfor kamp.
Storage room
Storage room har uendelig items når du bruker room action, men fungerer normalt når du bruker f. eks search-kort.
Noise ved kamp
Det er berre encounters, altså når monstrene kjem fra den svarte posen at noise tokens forsvinner. Om monstrene kjem i kamp på andre måtar blir noisen liggande.
—
Fun fact:
Noise representerer lyden som intruderane lager, ikkje lydane du lager sjølv.
—
Bra spel i forhold til det meste. Spelet gir deg i oppgave å overleve dei neste timane på romskipet nemesis. Samarbeid må til for å klare å ordne skipet før det går i hyperspace igjen. Det einaste som kanskje står i vegen er individelle tilleggsgjeremål som kvar speler prøver å fullføre. Det kan bli ein røff seanse for scientisten som åpenbart har ein implisitt backstory som inviterer hat fra dei andre karakterane.
På rullestol og med ipaden som han bruker til å fjernstyre skipet må han rulle seg gjennom slim, slå på gigantiske aliens med den tomme pistolen sin, desperat rømme rom der airlocken på mystisk vis aktiverer med ein feil, utføre sjølvkirurgi for å fjerne større parasitter. Til slutt når skipet holder på å rive seg i fillebiter, slåss han med sine kamerater om plass på escape-poden. Går det bra? Nei, scientisten er ikkje helten i denne historien. Den æren høyrer til piloten som klarer å rømme til jorda, trur me, heilt til glede vrir seg til skrekk i det kroppen hans rives åpen innenfra og aliens velter fram.
Noise-mekanikken fungerer, alienane er i sweet-spotten mellom farlig og plagsom, action-korta fungerer bra til å gi valg som stemmer omtrent med rolla du speler. Skipet føles vanvittig stort og lite samtidig. Og som i alle gode historiar er det ikkje monstrene som er farlige. Det er menneska som er dei sanne monstrene. Eller potensielle monstrene. Sjølv om medspelarane ikkje nødvendigvis vil deg vondt, må du lide med muligheten for at dei vil det. Og derfor set du spørsmålsteikn ved kvar ting dei gjer. Kvifor gjorde du det og ikkje det? SKAL DU DREPE OSS ALLE!?!
- This reply was modified 5 years, 2 months ago by Sten Ole.