Reply To: Nytt lokale?

#2332
Jarle Haktorson
Keymaster

Trude Hege fortel om auka bruk av møterommet. Ho seier biblioteket også har div. arrangement, der måndag til torsdag er vanlege dagar. Desse arrangementa nyttar også møterommet. I tillegg er det folk som ønskjer å booke rommet på fast basis. Ho har allereie sagt ja til nokon som vil booke det kvar tysdag og onsdag (trur eg det var).

Løysing: For å bruke rommet, kan også me finne ein fast dag. Då måtte me kome med forslag. Me kunne også sjekke heimesida til biblioteket for ev. arrangement; om det ikkje var noko, hadde i alle fall ikkje dei møterommet. Men det kunne framleis hende at nokre andre hadde booka det, som Guatemala-komiteen, konfirmasjonsundervising etc. Det var ingen fast booking-system på dette, enn å snakke med dei i opningstid, så skulle dei sjekke/leggje inn på Outlook.

Så: Me kan framleis vere der. Men meir «utestengd» enn før. Me bør tenkje alternative lokale. Difor har eg som kjend undersøkt kommunale tilbod. Kva er gratis der?

Som frivillig organisasjon kan me leige skulelokale gratis; me kjem nemleg under «Arrangement/møter i regi av frivillige lag og organisasjonar». I høve det Rune skreiv ovanfor, var nok det tenkt meir som leige på vegne av enkeltperson. Men som frivillig organisasjon kan me altså leige gratis skulelokale.

Og kva er skulelokale? Det er klasserom, SFO-bygg, grupperom, kjøken og møterom rundt om på skulane. Mitt første forslag er difor å bestemme oss for ein fast stad, eks. SFO-bygget, eit møterom på Undarheim skule eller klasserom på Sunde skule, og så få langtidsleige på det. Det er ein fordel å kjenne nokon som jobbar der, slik at me lettare kan få til lagring av spel etc.

Mitt andre forslag er å leige eit «utleigekontor» eller «møterom» einkvan stad. Det er nemleg slik at vi som organisasjon også kan leige gratis «Diverse utleigekontor» og «Diverse møterom». Problemet er at me veit ikkje kor desse er før me spør; me må altså då be om oversikt med kor desse ligg, kor tilgjengelege dei er etc. Men dei finnes altså!

Eit tredje forslag er Kvinnherad frivilligsentral. Eg anar ikkje kor mykje den er i bruk eller korleis lokala er, men den kan vi også leige gratis.

Eit siste forslag er å betale for rom. I t.d. Kulturskulen kan me leige møterom for ca. kr. 250 pr. gong. Men med så mange spelingar som i fjor, vil klubben bruke alt på leige…
Men her var vel litt forslag å tenkje på..?