Nytt lokale?

This topic contains 5 replies, has 4 voices, and was last updated by  Rune Hanssen 1 week, 2 days ago.

Viewing 6 posts - 1 through 6 (of 6 total)
  • Author
    Posts
  • #2098

    Jarle Haktorson
    Keymaster

    Eg har nemnd for nokre av dykk at Gaute Lund har teke kontakt for å lufte ideen om ein «speleklubb» i Kvinnherad. Ein klubb der ein spelar brettspel, rollespel, miniatyrspel/maling og eSport (PC).

    Han meiner kommunen, men særleg Sparebankstiftinga og Kvinnherad Energi, vil kunne gå inn og sponse ein slik klubb mykje. Hyperion betalar jo også ca. kr. 500 pr. medlem i året, og med å utvide aktivitetane, vil også medlemstalet auke.

    Eg nemnde for dykk at kanskje US kunne vere eit lokale for noko slik; me kunne ha lagra spela på biblioteket slik som no (er jo korridor inn til US der), og så nytta ulike rom på US til ulike aktivitetar. Problemet er at US er i bruk som US 3-4 dagar i veka; dei dagane vil me ikkje ha tilgjenge der. Det hadde nok gått, for US har faste dagar; om me hadde fått resten (3-4), skulle me nok klart oss.

    Thomas har kome på eit nytt lokale; SFO på Undarheim. Det var ein lur og betre idé. Det er i bruk på dagtid, men ikkje på kveldstid. Såleis er me ikkje låst av at nokre vekedagar er det stengt (slik som US vil gjere).

    Eg sjekka huset i dag; det er sju ulike rom der, samt kjøken og toalett. Om me skulle gått for noko slik, måtte me jo sjølvsagt ha nøkkel og rydda opp etter oss. Fleire av romma er ganske store, og med ei lita investering, skulle me nok fint fått løyve til å setje inn låsbare skap til å ha spel i.

    Lokalet hadde fungert fint om klubben hadde blitt ein slik speleklubb også; nok av rom til at fleire ting kunne skjedd samtidig i ulike rom. Gaute har halvvegs sagt ja til å vere «leiar» for eSport-delen. Så finn me ein leiar for rollespel og miniatyrspel/maling, så får alle kvar sin nøkkel og kan avtale speling når det passar slik det passar.

    Så…eg tenkte å berre høyre med rektor på Undarheim i første omgang om bygget er ledig til slikt, for at me kan vurdere om dette noko å gå vidare med.
    Thoughts?

    #2099

    Sten Ole
    Participant

    Personleg synes eg at US-idéen er meir egna til å få klubben til å vokse enn ei løysning på lokal-problemet; og tilfører eit “problem” om tanken er at medlem må følge opp ungdommane. Kven skal gjere dette?

    SFO Undarheim er kanskje eit alternativ, men dette lokalet blir ofte brukt til bursdagar, så det blir nok tidvis konkurranse om kven skal få bruke det. Sannsynligvis vil det bety at rommet må bestilles god tid i forhånd kvar gong noko skal skje. Borda som er der trur eg heller ikkje er perfekte. Tvilsomt om det egner seg for superklubb-idéen.

    Uansett, bra å fortsette å sondere begge mulighetane. Eg ser problem som kanskje ikkje er der. Eit par konkrete samtalar vil vise kva som lar seg gjere.

    #2105

    Jarle Haktorson
    Keymaster

    Som leiar i Kvinnherad brettspelklubb er det mitt hovudansvar å innfri to mål ifrå årsmøtet; vurdere moglegheita for alternative lokale til klubben, samt få opp talet på reelle spelarar.

    Sekundært kjem ønskjet utanfrå om å få til ein Superklubb; der har eg eit visst personleg engasjement for å få det til, for å kunne skape eit miljø for barn/unge for å spele RPG, male miniatyrar, eSport etc.; rett å slett ein «nerde-misjon». Men dette er altså sekundært.

    Eg meiner likevel at ein kan sjå desse i samanheng; då tenkt lokale i første omgang. Om klubben finn eit eigna lokale som samstundes opnar opp for andre nerde-ting, mogleggjer det eit Superklubb-potensiale. Og berre for å vere tydeleg om ein slik Superklubb; om det skulle bli realisert, vil det vere ulike avdelingar i ein slik klubb med kvar sine ansvarlege leiarar. Som nemnd i første innlegg, vil då t.d. Gaute vere ansvarleg/leiar for eSport, eg kan vere for brettspel, Mr. X på rollespel etc.

    Så til det med lokale. Det har vore eit ønskje om alternative lokale. Eg skisserar kort:
    Biblioteket: Her kjenner alle dei ulike pros et cons. Det har fungert, kan fungere vidare, men har som kjend sine svakheiter.

    KVV: Dette har me fått løyve til å bruke. Har der fleire gode rom, gode bord, innelåste tileigna område til å lagre alle spela våre om me vil etc. Bakdelen her er at det må vere ein ifrå KVV med for å opne og slå av alarm. Pr. i dag er dette meg, Anders, Leif Kristian og Ola. Me er ikkje alltid med, noko som vanskeleggjer dette som fast lokale. Men som alternativt lokale er det jo greitt. For øvrig vil KVV truleg vere lite eigna til ein Superklubb, då det igjen trengst folk ifrå KVV til å opne etc.

    US: Her er pros et cons allereie nemnd. Største con her er nok tilgjengelegheita. US er i bruk måndag, onsdag, fredag og søndag. Dvs. at potensielle dagar for brettspel/Superklubb er tysdag, torsdag og laurdag. Her veit eg også at US er mykje brukt til bursdagar; me har leigd det fire gonger før og eg har sjølv levert ungar i fleire bursdagar der. Likevel kunne me nok få til ei ordning; om det blir ein Superklubb kunne nok den fått sine faste dagar, slik at US var låst dei dagane; eks. at me kunne fått tysdagar og torsdagar.

    SFO: Her er eg nok usamd med Sten Ole; eg har ungar som no går i 5. og 6. klasse. Dvs. at me har arrangert og vore i særs mange bursdagar oppover åra. Me har aldri vore i SFO-bygget. Eg veit at det har vore ein bursdag der, men kan nok representativt seie at dette skjer ganske sjeldan. Her har nok same kva rektor litt oversikt, noko ein samtale med ho vil avklare. Når det gjeld bord sjekka eg som sagt i går. Eg synes fleire av borda såg ok ut. For SFO sin del, treng jo dei berre eit bord når dei skal ha SFO. Klubben har pengar (og får potensielt veldig mykje meir pengar ved ein Superklubb) til å kjøpe nye bord tilpassa brettspel som SFO kan fritt få/nytte, men som då står klare når me skal spele.

    Flott med fleire innspel, slik at me kan lande på noko med lokale og fleire medlemmer.

    #2107

    Thomas Thomsen
    Participant

    Jau jau

    Superklubb, egne lokaler, masse nye spill sponsa av Hyperiob. Like it alot.

    Alt dette vil pushe nermere drømmen om ei spillmesse lokalt som skal bli Noeges største lett.

    Men ja på kort sikt angående lokaler:

    US lokalet er konge, men begrensinga i tid og at vi blir låst i dager vil holde oss der vi er idag frykter eg.

    SFO, aventer dom etter du har mer info fra rektor. Er det mulighet for Esport her?

    KVV er for avgrensa påmelding fra avgjørende aktører til at det er klubblokale verdigt. I mine øyne.

    Ikkje umuligt Kristoffer her kunne kjørt noe rolespill action.

    Kjem tilbake med mer tanker, real life calling 😂

    #2160

    Jarle Haktorson
    Keymaster

    Update

    SFO: Rektor på Undarheim er positiv. Om det blir noko her, blir det skrive langtidsleigekontrakt med teknisk etat (det er dei som “eig” byggmassen). Så dette ser ut som ein option.

    Biblioteket: Eg var på foreldremøte på skulen i dag, og biblioteket skal lansere ein kampanje no for at endå fleire skal bruke biblioteket på dag- og kveldstid. Hm. Eg likar meg veldig godt der, me har vore der i mange år, men det var betre med eigen nøkkel og berre oss.

    US: Skal sjekke meir her.

    Kulturskulen: Der er det visst no same retningslinjer som for SFO; det skal vere mogleg å skrive langtidskontrakt med teknisk etat.

    Andre stader: Ingen forslag.

    #2162

    Rune Hanssen
    Keymaster

    Eg veit kulturskulen har mange rom. Det som kan øydeleggje er lyden av «Boomf#*@ck @ss bazz», «Masters of skulldeath bloodhowling demon nights» eller ein sur fiolin.

    Saknar å vere i fred på ein nøytral plass utan pasientar, turistar eller sosialistiske kulturdemonstrasjonar.

    #geek_preservation #geek_reserve

Viewing 6 posts - 1 through 6 (of 6 total)

You must be logged in to reply to this topic.