Reply To: A War of Whispers

#2461
Sten Ole
Participant

Interessant variant på indirekte krigsspel der spelarane kollektivt styrer krigen mellom ulike faksjonar. Spelarane sin lojalitet er i utgangspunktet skjult og kan endres underveis i spelet. Det ironiske er at spelarane kan påvirke faksjonane dei hater. Faksjonane vil derfor ofte foreta handlingar som skadar dei sjølv.

Spelet går ut på å styre skjebnen slik at faksjonane du støtter står godt på slutten og tilsvarande at motstandarane sine allierte ligg i ruinar.

Inntrykket mitt av spelet er litt uavklart etter ei gjennomspeling. Spelet er elegant grafisk og designmessig. Reglane er enkle. Gameplayet er enten banalt enkelt, grådig komplisert eller heilt random. Eg veit ikkje kva av dei det er ennå. Er hestefaksjonen per definisjon betre rusta enn dei andre? Er bjørnefaksjonen alltid søppel? Vil spelarane alltid satse relativt likt? Bør spelarar vere medgangssupporterar eller bør dei prøve å tvinge gjennom seier for underdog-en?… Mange spørsmål…

Det er advanced reglar som me ikkje spelte med i går, men eg trur kanskje dei forsterker element i spelet som eg anser som negative. Du kan plassere agentar på kartet som få dei til å telje som byar. Det gjer det berre vondare å gå sin eigen sti i spelet.