Reply To: Nytt på veg til Sten Ole

#2467
Sten Ole
Participant

Eg har same inntrykket av det eg har sett av bang fordi spelarane berre bruker kort fra hånd og direkte skyter. Då blir det fort random. Bang trur eg også er meir eit kort-spel enn eit social deduction-spel rett og slett fordi du har eit sett med kort på hånd, og korta dikterer handlingsrommet ditt og handlingsrommet meir enn table-talken.

I human punishment trur eg at spelarane er nødt til å finne ut om motspelarane sine heller enn å agere blindt rett og slett fordi dei einaste som tjener på å skyte vilt er outlaws. Å oppføre seg som ein outlaw er sjølvmord fordi generelt vil menneska ha eit overtal. Outlawar må derfor til ein viss grad late som at dei er eit menneske. Skyting er også ein litt meir samansett og kostbar prosess som vil gjere at folk kanskje sparer på kruttet til dei er meir sikre på at dei skyter på rett person.

Me får sjå om spelet har potensial. Problemet eg har med sjangeren er at spel vil utfolde seg på liknande måtar etter kvart. Avalon/resistance blir spelt lite fordi det er dei same dilemmaene som oppstår, dei same slitte løgnene. Så me treng tid for å glømme spelet litt før det blir dradd fram igjen. Det same gjeld for werewolf, mafia, secret hitler, dark moon etc. Secret hitler var eit friskt pust fordi det er nytt og me må heile tida tenke på korleis den uvante spelmekanikken legger rammer på kva me kan/vil/bør oppnå ved å prate. Rett nivå av randomness kan gi spelet litt meir replayability… kanskje…

Eg kan forresten varsle at eg har tenkt å bestille Sidereal confluence når den nye versjonen kjem til butikkane i mai… om ikkje klubben har lyst å kjøpe det. Det er eit anna spel for mange personar der me handlar ressursar og bygger engines.