Reply To: Alternativ til spelebord

#2606
Sten Ole
Participant

Kult. Ser ut som god kvalitet materialmessig.

Litt dyrt.

Spørsmålet er om me ofte nok er villige til å gå ned i kjelleren og ta med oss to 5 kg firkantar opp trappa og tilbake ned igjen etter speling. Av og til er det verdt det, av og til ikkje. Dette, som med spelebord, hadde vore enklare å vurdere om me hadde fått lagre bordet/topperen i samme rommet det blei brukt i.

Eit positivt aspekt er at om topperen ikkje fungerer for oss i praksis, så er det sikkert mulig å få selt det vidare. Risiko for feilkjøp er derfor litt redusert. Om min personlege økonomi hadde vore sterkare så hadde eg nok likt å hatt noko sånt i huset.

Men… klubben har behov for matter uavhengig av bord/topper, spesielt med tanke på at dukane blir færre i antal og styggare for kvar dag. Då er det jo også andre selgarar på markedet.