Velkomen til Kvinnherad brettspelklubb › Forums › Spela våre: erfaringar og vurderingar › On Mars › Reply To: On Mars
Inntrykk 4 spelarar…
Dette blei eit anna spel med 4 synes eg.
A. Større avstand til bygningstypane, og ikkje minst til sentergruva.
B. Fleire ting skjer mellom kvar av turane dine.
C. Meir sannsynleg at kolonilevelen går opp FORT og spelet blir kortvarig.
D. Ferja mellom land og luft går meir sjelden.
E. Meir utbredt å lage enkle bygningar enn bygningskompleks.
Kva er lurt å gjere er fortsatt eit ope spørsmål. Det er større risiko knytta til å ta blueprints fordi det er større sjanse for å bli blokka og krystallkostnaden kan bli høgare enn forventa. Med 4 må du spisse aktivitetane dine endå meir. Om du gaper høgare enn du klarer å svelge blir det katastrofalt når slutten kjem. Det fører også til at du låser strategien din slik at du ikkje har mulighet til å vere opportunistisk. Alt som har med bygningskompleks å gjere blir vanskelegare.
Konklusjon:
– Gøy
– Frustrerande
– Anti-mestring
– Anger
– Hat mot fortids-deg