Reply To: Eclipse Second Dawn

#2835
Sten Ole
Participant

Eg hugsar knapt 1st edition utenom at det var eit litt gøy spel. Med sitt litt tørre grafiske design, generiske komponentar og tegneserie-figurar var det lett å gløyme. Eg hugsar også at det tok eit par turar før eg skjønte kva eg dreiv med.

I 2nd edition synes eg at setup og reglar virka meir logiske (sjølv om dei var dei same). Player boards, player aids, ressursbokføringa gjorde alt tydelegare. Miniatyrane fekk ting på brettet til å “poppe” meir. Tech brettet gjorde det lettare å sende techen til spelarane istedenfor at spelarane må vrenge seg rundt heile bordet for å få oversikt. Det er rett og slett eit meir nybegynnervenleg spel utan at stort har endra seg. Tidsbruken var også relativt låg i forhold til kva eg hugsar av 1st edition.

Sjølve Eclipse er eit kvalitetsspel. Det er ein rar hybrid som lagar sin eigen sjanger. Det som er litt morsomt er at dei små får gjere mange actions, mens dei store knapt får gjere noko som helst. I løpet av spelet forsker du, oppgraderer skipa dine og kjemper i kamp ute i verdsrommet. Kampane kan vere heilt absurd einsidige om du har bygd skipa dine godt. Mykje av gøyfaktoren kan ligge i å nettopp designe monsterskip som ikkje kan beseires. Det er også lov å sitte fredeleg i eit hjørne og vere meir fokusert på økonomi og kunst(?). Resultatet blir uansett at spelet slutter og du teller poeng for alt du fekk til.

NB: Ikkje samanlikn med Twilight Imperium. Hex tiles og romskip – Der ender likheten.