Reply To: Spirit Island

#2947
Sten Ole
Participant

Spirit Island – Jagged Earth (og Branch & Claw)

Vanilla Spirit Island var heilt greit, ryddig og eit interessant puslespel med variasjon og fleire skruar å stille på om ein ønska meir eller mindre eller annleis utfordringar. Det har for min del løyst ein del problem eg ofte slit med i coop-sjangeren. Du sit ikkje å satser på at du triller godt. Du kan planlegge og utføre. Spelet legg også opp til at spelarane løyser sine eigne mini-puslespel. Det er også ekstremt asymmetrisk, der alle spiritane tilfører noko spesielt og har ulik læringskurve.

Skal eg bruke korta som gjer akkurat det eg treng denne runden? Skal eg bruke kort som ikkje heilt passer men som gir meg element slik at eg får gjort noko som løyser framtidige problem? Skal eg reclaime kort tidlig slik at eg får kjørt superkortet mitt igjen på bekostning av kraftkurva til spiriten min? Skal eg stoppe det store invaderproblemet på fjellet eller desarmere småproblema i dalane før dei også blir eit kjempeproblem? Skal eg redda Dahan-folket eller la dei dø?

Men… så speler du spelet for mange gonger. Du blir flink. Du forutser korleis Invadermønsteret speler seg ut og veit akkurat korleis du skal forstyrre det slik at ravage-fasen anten blir avverga eller at den virker mot invadarene. Du mestrer bruk av skilpaddepowers slik at dei er vel så gode som fuglepowers. Du sannsynliggjør kva terreng invadarane mest sannsynleg går inn i neste runde. Du ser gjennom “the matrix” og kan kalkulere vegen vidare. Spelet har også i utgangspunktet 8 spirits, der ca 4 er spesielt enkle å holde styr på. Spelet blir for enkelt.

Spelet trengte minst ein ekspansjon. Branch and Claw løyste mykje. Du fekk events som rakka opp i forutsigbarheten og tvingte deg til å vere meir fleksibel med skilpaddepowerane. Dahan-folket blei også meir uavhengige og gjorde ting uten at du framprovoserte det, på godt og vondt. Og så kom det ny mekanikk med sjukdom, gjengroddhet, dyreliv og dårlig stemning som gav fleire inngangsporter til å hindre og plage invadarane.

Jagged Earth-ekspansjonen la til badlands og isolasjon som nye måtar å løyse problem. Jagged Earth åpna også opp spelet med 10 nye spirits (i tillegg til dei 2 ekstra frå Branch and Claw). Alle har fokuserte særpreg som i ulik grad utnytter dei nye mekanikkane. Mange av dei lager heilt nye mekanikkar i seg sjølv som gjer at ein må totalt sjå på puslespelet på ein annan måte. Plutselig er kanskje blight på øya noko positivt. Kanskje Invadarane bør få lov til å vokse seg store. Det kjem til å ta si tid å finne ut av alle dei nye spiritane. Oppå alt det andre så er det mange nye events og powers at du sjelden ser dei same fleire gonger. Det blir derfor overraskelsar når du trekk inn nytt godteri.

Så no er Spirit Island der det høyrer heime, eit dominerande spel i coop-arenaen.