Reply To: Dominant Species: Marine

#2968
Sten Ole
Participant

Bra oppsummert.

Med ein gong spelet kjem på bordet kjem den fine Dominant-Species-følelsen. Det er tydeleg eit heilt anna spel med liknande grafisk design. Men den spisse kampen om overlevelse og overtal er fortsatt til stade.

Spelet føles meir skarpt ut enn forgjengeren. Det er vanskelegare å ha “full kontroll” på situasjonar. Det er meir konflikt mellom det som gir poeng og det som gir ein betre tilstand på brettet. Måten action selection blir gjort der alle egentlig plasserer i “utakt” fører til at ein alltid er delvis blokkert og alltid delvis har muligheter.

Sjølv om spela er ulike blir det interessant å sjå om spela klarer å sameksistere i samlingen til Rune. Eg ser for meg at på sikt er det anten det eine som vinner fram eller det andre.