Reply To: Sleeping Gods

#3074
Sten Ole
Participant

Dette er eit tilsynelatande flott kampanjespel der du utforsker verden, overvinner utfordringar og overlever. Strukturen er mykje lik som Tainted Grail der du balanserer samling av ressursar, overlevelse, levling og questing. Eg er usikker på om spelet har ei “klokke” som tvinger deg framover, men den er uansett ikkje så nådelaus som Tainted Grail der du jager etter å holde statuane aktive.

I forhold til Tainted Grail føler eg at skiveriene er litt mindre utvikla og enkel (men fortsatt bra). Gameplayet er derimot meir inspirerande og føles ikkje som ein jobb. Eg likte ressurshåndteringa i spelet. Det grafiske designet minna litt om eit generisk mobilspel. Det er kanskje meir akseptabelt for andre, men for meg så irriterte det meg ein del. Dei overfladiske plastikksmila på karakterane gjorde at du heia på monstrene du møtte på.

Her er det berre å plage Rune for å bli med og presse han til å holde det gåande. Eg trur eg avventer litt med å melde meg på eit nytt kampanjespel til eg har klart å rense Gloomhaven for gloom og “disembodied voices”.