Reply To: Oath – Chronicles of Empire & Exile

#3138
Sten Ole
Participant

Eg tviler på at eksilane står sterkt når dei alle angriper Chancelloren. Det som skjer då er at Tor Inge får Oathkeeper-tittelen. Og så sliter folk med å gjere noko med det fordi dei har brukt seg opp på Chancelloren. Då må du plutseleg selge deg som citizen til underpris for å skape balanse. Så vinner Chancelloren makta igjen og sit mykje sterkare enn nokon gong.

Om noko, så føler eg at dei andre eksilane er større fiendar enn chancelloren. Dette fordi dei kan lettare vinne spelet om brettet blir kaotisk. Eg trur det er lure ting du kan gjere som eksil, men jo meir eg tenker på det, jo meir trur eg at det er eit situasjonsbetinga puslespel som sjelden har enkle svar.

Du må også hugse at no sist spelte me med militærmakt-oathen. Spelet blir heilt annleis med andre oaths, trur eg.

No trur eg at eg skal slutte å spele oath i hodet mitt. Det er ein tanketjuv.