Reply To: Time of Crisis

#3218
Jarle Haktorson
Keymaster

Når eg ser på datoen i innlegga ovanfor, er det ganske nøyaktig eitt år sidan sist me spelte det, når me no tok ei ny gjennomspeling sist helg. Det er eigentleg litt lite, for dette spelet fortener å kome på bordet oftare!

Nokre korte tankar etter sist speling:

– Det tek eit spel å kome inn i korleis ting heng saman. Om ein heller ikkje har spelt det på lang tid (sånn år+), tek det også litt tid. Ikkje så mykje regelmessig, for det er eigentleg ikkje så komplisert, men kva du “kan” og kva som er “lurt”. Difor vil nok ofte første (eller “lenge-sidan”) speling kunne vere litt vanskeleg, strategisk/taktisk sett.
– Ikkje la nokon sitje med Italia så lenge! Det heiter jo “Time of Crisis”, fordi det stadig var nye keisarar på trona. Det er skikkeleg poengboost å sitje med Italia, som igjen (som regel) gir masse Support å kjøpe kort for, som igjen skapar ny boost. Angrip provinsane til den som sit med Italia, kast Mobs på provinsane hans og i Italia, bruk det “ikkje-bry-deg-om-hæren-i-Italia-når-du-vil-bli-keisar-der”-kortet, ev. bygg opp hær og angrip, “forsvar” ev. Rival Emperors som kjem på brettet osv.
– Barbar-strategien kan fungere! Rune hadde få provinsar i sist speling, men var stadig i krig med barbarar. Dette gav han jamnt med poeng kvar runde, sjølv om han ikkje truga underteikna, som fekk lov å sitje som keisar altfor lenge. Likevel; ein kombinasjon med provinsar og barbar-kriging er nok lurt.
– Kast kort! Når eg hadde poeng nok (3+), såg eg etter moglegheita å kaste 1-ar korta mine. Dette gav ein sterk deck, slik at eg snart hadde “berre” gode kort å trekkje ifrå.
– Det eg “saknar”, er at me får testa Pretender. Dette er jo eit alternativ til siger og effektiv måte å knuse keisaren i Italia.

No var det eit år sidan sist, men eg er klar igjen om ikkje så lenge. Då speler eg gjerne med folk som “kan” det, slik at fokus er meir på ønskje/strategi/taktikk, enn reglar. Eg trur me kan ha mykje moro med “Time of Crisis”.