Reply To: Andean Abyss

#3686
Sten Ole
Participant

Reglar, reglar, reglar… (I tilfelle Andean Abyss blir dradd ut av abyssen igjen)

Police vs Troops
Sweep flytter berre troops. Assault bruker berre troops. Å få police ut i departments er problematisk fordi patrol ikkje kan flytte dei der. Den mest naturlege måten å få dei ut på er i propaganda-fasen fordi dei kan flytte police til kontrollerte (frå kontroll-delen av propagandadelen) områder gratis. Alternativt kan police plasseres med train operasjonen.

March
Me gjorde 2 feil med march. Det første var å rette på måten den fungerer. Me gjorde “rett” i starten. Du velger destinasjonane og ikkje opprinnelsespunkt. Reglane er skrive for å skape maksimal forvirring. Andre feilen var i forhold til å aktivisere store grupper i bevegelse. Dette er avhengig av om destinasjonen har support eller opposition. Dette blei avklart på slutten av kvelden.

Shipment
Shipment kan brukes til å gi ein gratis limited operasjon dersom spelaren har gjort vanlege operasjonar uten spesialoperasjonar.

Rally
Rally krever at det ikkje er government support for FARC og Cartel; for AUC må det ikkje vere opposition.

Gårsdagens opplevelse var omtrent lik på gongen før. Spelet lever på potensialet sitt, men i praksis har kvar handling ein regel-snubletråd som gjer det vanskeleg å spele uten å gjere feil. At testspelingane er årevis tilbake i tid hjelper heller ikkje på regelfideliteten. Spelet er fire spelarar som har kvelertak på kvarandre og i praksis ikkje oppnår måla sine. Propagandakorta kjem enormt plutseleg som gjer at spelet kan avgjeres brått og tilfeldig. Det er eit “modig” designvalg for eit spel som varer i mange timer.

Eg sit igjen med følelsen at eg vil spele spelet igjen “skikkelig” med rett regelforståelse og litt bedre forståelse av kva eg prøver å få til. Samtidig trur eg kanskje opplevelsen blir like undertrykkande og hjelpeslaus som alltid. Spelet er vanskeleg å få på bordet om ein ikkje har tre andre som er synkronisert i behovet for å spele eit spel som hater deg.