Reply To: Kingmaker II (The Second)

#3768
Sten Ole
Participant

Reglar, reglar, reglar…

Kompensasjon for død noble
Ein død noble får igjen 1 crown kort frå stokken per 2 kort han tapte, ikkje berre dei som går inn i chauncery. Dette gjeld altså også kort som blei ufrivillig tapt til motstandaren, kort som gjekk i discard-pilen, major battle-/siegekort.

Sea move
Om du skal av på ei havn med ein fortified by som du ikkje eiger, må du ha nok styrker til å teoretisk beleire byen for å få lov til det. Ved påstigning i ein fortified by, må du ha kontroll.

Setup
Visse crownkort skal begynne i discard pilen. Desse kjem først i spel etter at me har stokka ein gong. Blant desse er kortet som gir kontroll av London. Det garanterer at dei kraftigare kortene ikkje kjem i spel med ein gong.

Battle
Overtal i kamp er alfa-omega. Den som slåss med undertal krysser berre fingrane for at motstandaren står på “dødslista” på kampkortet. Det kan nevnes at om du står fleire gonger på dødslista, så skal berre ein noble dø, den med flest styrker.

Odds skal alltid reknes ut frå spelaren med overtal, og denne spelaren er den som kan vinne kampen på normal måte. Alternativet er at det blir uavgjort. Relativt jevne styrkar vil som regel ende i uavgjort.

Desperasjonsangrep der angriperen ender opp med mindre enn 1/4 av forsvareren sin styrke vil automatisk lede til tap med mindre det blir trekt “Bad weather”. I dette tilfellet skal “dødsfeltet” ignoreres.

Major battle/siege
Når du får eit slikt kort, skal det festes til ein noble (og kan derfor bli tapt).

Tapt kamp
Spelaren som vant kampen får kort som ikkje er offices, titlar, battle-/siegekort og deler dei ut til noblane som var med i kampen. Det er maksgrense på 1 biskop per noble, så desse må kanskje i discard-pilen. Dette skjer med mindre det blir avtalt ein ransom.

Gi kort mellom spelarar
Dette er meir komplisert enn kva me gjorde. Kort frå hånd kan gå til ein motstander si hånd når som helst. Einaste begrensing er at kortene ikkje kan brukes med ein gong i kamp. Kort som ikkje er offices, titles eller battle-/siegekort kan gis mellom nobles i samme område, også andre faksjoner. Titler og offices kan byttes mellom alle som går til parliment så lenge den som kaller inn til parliment også er enig.

Allied force
Allierte styrker kan bevege seg og slåss saman, men for å gjere dette må det formelt deklareres at dei er i ein alliert styrke kvar runde. Hovedbegrensingen er at nobles ikkje får flytta seg eller bevega seg meir enn ein gong per runde.

Kontroll
Kontroll via kort er underordna defacto kontroll. Kort som angir kontroll over ein town blir levert til angriper så snart har blir overtatt ved beleiring. Kortet må også leveres om han sit i hånda til nokon eller i discardpilen. Dersom kortet blir trekt av nokon etter ein beleiring, så blir også kortet levert til angriperen som må feste det til ein noble. Den som trekte kortet får då trekke eit nytt.

Alle royals dør
Når siste royal piecen dør: Spelarane taper. Frankrike vinner. Vive la France!

Kingmaker. Eg forstår bare 5%. Det minner litt om ein krokete versjon av Fief. Reglane er fulle av unntak og det gir stort rom for feilspeling sjølv om du “kan” spelet. Så her er nok ideen at du skal berre gjere ditt beste, så har alle det gøy likevel.

Testen av spelet var vellykka i den grad at eg forstår meir no enn når me begynte. Det er eit spel som omhandler makt. Du skal bygge opp makt som du omsetter til prestigepoeng. Så har du rosekrigen i bakgrunnen som setter begrensingar på kvar du finn prestigepoenga dine, alliansemuligheter og ein ganske hard win-condition om eine rosefaksjonen vinner. Prestigepoenga renner inn så snart maktbalansen mister balansen. Og då kan dei mektige høste frå dei svake.

Eg har likevel spørsmål og betenkeligheter. Tor Inge nevnte det eine. Kva om du bare setter folka dine i båtar på sjøen? Du er immun mot kjedelige events med unntak av ekstremt uheldige comboar. Du kan berre ha kongen trygt plassert i Nordsjøen.

Det andre er korleis spelet indirekte oppfordrer til ein 3-veis allianse. Det einaste hinderet er ein felles forståelse at individuell seier er meir verdt. Reglane seier ingenting om dette. Spelet vil ha spelarar som klarer å bygge seg sterke og spelarar med uflaks. Om dei sterke går saman, så er egentlig spelet allerede avgjort om du ikkje har alliert deg med event-decken. Den event-decken er den minst pålitelige allierte som finnes i spelet.

Spelet har potensial. Det største hinderet og bremseklossen er at spelarar ikkje veit kva dei skal gjere på turen sin. Og då blir spelet å anten vere den som sit og prøver å løyse eit uløyseleg problem utan realistiske mål, eller så er du ein motspeler som må sjå på. Det tek 5 turar å jobbe seg ut av Cornwall eller frå grensa til Skottland. På den tida er det ikkje heilt usannsynlig at eit eventkort sender deg rett tilbake til øydemarka siden det blir trekt 25 eventkort på denne tida. Avmaktsfølelsen dette produserer er enorm. Men så sant spelarane klarer å eksekvere turane sine så blir det ein historie av det. Og det er nok den historien du må prøve å verdsette i dette spelet.

Dramaet i spelet er ofte totalt drive av events. Det er ikkje den møysommelige planleggingen eller oppbygningen. Det er eventet som sender ein stakkars noble på bærtur saman med kongen. Om ein motspeler tilfeldigvis har samla seg i området så blir det fort ein lett kamp som fører til enorme prestige-forflyttning frå ein speler til ein annan. Spørsmålet blir då om rette framgangsmåten er å samle seg på plassar ein veit at events ofte skjer? Og tilbake til første punkt, skal ein gøyme dei viktige folka i Nordsjøen på båt, trygg frå bursdagsinvitasjoner, plague, juryteneste osv? Problemet med det er at det er ein forferdelig dårleg historie.