Reply To: Voidfall

#3799
Jarle Haktorson
Keymaster

4.56 i Weight på BGG…. For å samanlikne med andre populære spel i klubben:

Ark Nova: 3.73.
Caverna: 3.78.
Fief: 3.82.
Dominant Species: 4.04.
Twilight Imperium IV: 4.31.
Virgin Queen: 4.43.
Here I Stand: 4.53.

Utan at eg har sjekka alle spela, trur eg Voidfall dermed er det tyngste spelet me har i klubben. Vent litt? Kva betyr tungt? Vil det seie komplisert, utilgjengeleg, masse reglar? Eg kan i alle fall seie: Det er få spel ein kan setje seg ned ved bordet og berre «learning by playing», slik ein kan med Voidfall. Spelet er eit mesterverk.

Eg trur dei som legg i høg Weight, ikkje har spelt det særleg. Eller at dei tenkjer at masse options og mange val betyr masse vekt. Eg skal ærleg seie: Når eg las i regelboka første gong, var det masse eg ikkje forstod ein drit av. Eg måtte skippe sider. Dei gav inga meining.

Så fann eg eit avsnitt eg brått forstod. Aha. Så det ER mogleg å forstå noko. Las i Kompendiet. Aha. Eg ser noko her… Las meir. Såg ein video på BGG. Las igjen. Og bang. Der forstod eg det. Det er jo eigentleg eit enkelt spel!

Når me hadde prøverunden, hadde berre eg lese reglar. Sten Ole hadde 19 minutt video bak seg og Tor Inge hadde sett framsida på eska. Likevel: Når ein av oss hadde «knekt koden», var det eigentleg berre å begynne rett på og learning by playing. Slik kan spelet også lærast vidare.

Det er få andre spel ein kan gjere dette. Det er også få andre spel som har så elegante mekanikkar som berre «fungerer». Og ALT står på korta/bretta; det tek berre litt tid å forstå symbolikken, som, når forstått, gir full meining.

Det som tek tid, er å setje opp spelet. Men for min del; eg synes slik er gøy. Om andre er med som har spelt før, går det sikkert ganske raskt også. Og om nye er med, kan dei la seg fascinere over veldig gode komponentar.

Eit supert scenariosystem som legg litt føringar på aggressivitet og kompleksitet, gjer det lett og flott å finne eit spel for kvelden. Prøvespelinga var «Peace and Prosperity», som hadde aggresjonsnivå 2 av 4. Me gav oss etter Cycle 2 (av 3), men i Cycle 3 hadde nok eg og Tor Inge angripe kvarandre, og Sten Ole sikkert annektert eit Fallen House nær sitt område. Høgare aggresjonsnivå fører til raskare konflikt mellom spelarane.

Forresten også genialt med tilpassa hus og teknologi til kvart scenario, slik at ein ikkje finn ein «formel» som ein går for kvar gong (Warsun host host). Og kampane? Nemnde eg kampane? Dei tek alt ifrå to sekund til fjorten sekund. Det blir sikkert litt meir når andre skipstypar er i spel, kombinert med anna teknologi, men eg kan ikkje sjå for meg at ein kamp varer meir enn eitt minutt eller så.

Tida går til å ha det gøy. Planleggje. Utføre. Sjå sivilisasjonen sin vakse. Slå tilbake mot Voidborn. Og kjenne på at ein spelar eit spel ein har lyst å spele igjen om kort tid.