Reply To: Border Reivers

#3983
Sten Ole
Participant

Feide rettelse
Liten Korreksjon angåande feide og feidekubar. Kubane går fortsatt vekk når du gjer dei om til terningar, men einaste vanlege måten å få inn nye kubar på er å stjele sau og kyr med raid.

Ok, så no har eg fått sove litt på erfaringen, dobbeltsjekka reglar og blitt litt meir klok på dynamikken i spelet. Og eg trur spelet blir litt betre når ein ser kva som skjer under panseret på spelet. Eg trur ein svakhet med spelet er at i alle fall første gongen du speler, så ser du at du kan angripe kor som helst på ulike måtar men det er uklart kva som gjer eit angrep betre enn eit anna. Du ender kanskje berre med å gjere tilfeldige angrep og drafte halvtilfeldige kort om sommeren.

Eg trur kanskje spelet er enklare dersom ein klarar å lese spelsituasjonen. Å vite kor du og andre står sterkt handlar om å sjekke kor ein ligg høgt på notoriety saman med kor det er mange sauer/kuber som er til stade. Dette er sannsynlege plassar som blir angripne eller som du sjølv bør vurdere å angripe. Kombinasjonen av mange angrepsterningar, lite forsvar og stor forteneste gjer desse angrepsvalga opplagte.

Ut frå dette kan du prioritere å spisse angrepene dine med å ruste opp tableuet ditt eller å samle notoriety-kort og angrepskort. Eventuelt kan du investere i forsvar ved å trygge sauer, bygge borger, ansette ein warden, booste notoriety heime. Eller du kan investere i kort med langsiktig virkning.

Target-runden er også interessant fordi dersom du er sein i rekkjefølgja må du passe på at target-kortet ditt ikkje berre har ein einaste plan som blir øydelagt om andre har ein lik plan. Korleis folk deler ut notoriety burde også seie litt om kva slags planar dei har.

Victory points trur eg du skal tenkje lite på før siste omgangen i spelet. Om du gjer kloke valg, så kjem sikkert poenga av seg sjølv.