A War of Whispers

Viewing 7 posts - 1 through 7 (of 7 total)
  • Author
    Posts
  • #2460
    Rune Hanssen
    Keymaster

    Ww

    Wwto

    #2461
    Sten Ole
    Participant

    Interessant variant på indirekte krigsspel der spelarane kollektivt styrer krigen mellom ulike faksjonar. Spelarane sin lojalitet er i utgangspunktet skjult og kan endres underveis i spelet. Det ironiske er at spelarane kan påvirke faksjonane dei hater. Faksjonane vil derfor ofte foreta handlingar som skadar dei sjølv.

    Spelet går ut på å styre skjebnen slik at faksjonane du støtter står godt på slutten og tilsvarande at motstandarane sine allierte ligg i ruinar.

    Inntrykket mitt av spelet er litt uavklart etter ei gjennomspeling. Spelet er elegant grafisk og designmessig. Reglane er enkle. Gameplayet er enten banalt enkelt, grådig komplisert eller heilt random. Eg veit ikkje kva av dei det er ennå. Er hestefaksjonen per definisjon betre rusta enn dei andre? Er bjørnefaksjonen alltid søppel? Vil spelarane alltid satse relativt likt? Bør spelarar vere medgangssupporterar eller bør dei prøve å tvinge gjennom seier for underdog-en?… Mange spørsmål…

    Det er advanced reglar som me ikkje spelte med i går, men eg trur kanskje dei forsterker element i spelet som eg anser som negative. Du kan plassere agentar på kartet som få dei til å telje som byar. Det gjer det berre vondare å gå sin eigen sti i spelet.

    #2463
    Jarle Haktorson
    Keymaster

    Positiv overrasking! Spelet er såpass kort og enkelt i reglar at du berre kan stupe inn, ha det gøy ein time og så er det ferdig. Og det som skjer undervegs er humor og historiar; “Ja Sheriff; eg anbefaler sterkt at våre to troppar der angrip den tallmessig overlegne fienden der borte; det vil styrkje riket vårt. Og Steward; å rekruttere i fjella langt borte ifrå byar er sikkert lurt, berre i tilfelle. Ok, neste rike…”.

    Dette må på bordet fleire gonger, noko som også er lett å få til grunna kort speletid (eg tippar det kjem til å liggje på 60 minutt). Me vil nok då sjå at spela blir noko ulike, at me angrip hardare avslørte lojalitetar og at kort-speling får endå større rolle.

    Eg er klar for ny vurdering etter tre-fire rundar til, men pr. no synes eg dette var noko eg har sakna på ei stund; eit kjapt, enkelt, interaktivt spel med høg gøy-faktor.

    #2575
    Thomas Thomsen
    Participant

    Morro det her. Føler dette er et veldig gøy spill om vi ikkje spiller det for ofte. Kul mekanikk, flott visuellt.

    At rekkefølgen på brettet er låst tror eg gjør at Hestene alltid vil ligge høyt oppe ettersom dei har siste angrep hver runde. Mulig spillet hadde fått et løft og en bedre sjanse for taktikkerier om hver turn hadde starta et steg videre på actions slik at det ikkje alltid var hest som fikk siste ordet. Men sikkert noe dei har testa iforhold til hvilke actions hver av dei har. Hva vet eg ?

    #2576
    Anders Dahlberg
    Participant

    Personleg favorittøyeblikk i siste runde når ingen (nesten) har interesse av at løvegjengen skal gjere det bra, så minst to spelarar kviskrar at det er lurt å samle alle troppane i ørkenen, for så å sjå på soldatane tørste ihjel ? fordi kvifor ikkje

    #2878
    Sten Ole
    Participant

    Ny speling av dette i går som filler. Inntrykket er litt forbetra. Det er mulig utfallet fortsatt er ganske random, men du har det ganske gøy underveis mens du prøver å finne ut kva dei andre prøver å få til. Korta er av og til umåteleg kraftige både til å få til power moves eller til å totalt sabotere ein faksjon at det er komisk.

    Den blå bjørnefaksjonen hadde igjen for få venner til å skape noko og hestefaksjonen triumferte igjen. Eg trur dette hadde meir å gjøre med korleis lojalitetane blei delt ut i starten av spelet enn at det er ubalanse mellom faksjonane. Bjørnefaksjonen treng nok ein situasjon der dei ikkje blir motarbeida dei første rundane.

    #2879
    Jarle Haktorson
    Keymaster

    Her er to variantar eg fann som fleire ser ut til å like:

    #1) At end scoring, add an additional point for each unrevealed loyalty token. This encourages limiting swapping of loyalties as much as possible.

    I particularly enjoy playing this way, because I think the most fun to be had is trying to make your initial bets work – as opposed to switching in to new ones.

    #2) Pre-select “Devout” loyalties at the beginning of the game in a way that ensures each player starts with a different but still hidden Devout loyalty.

    You could do this by taking a single set of loyalty tokens (e.g. all five of the Rat loyalty tokens) and handing one out to each player randomly. Each player could look at what they got, then return it without revealing what they got to the other players. After that, they could seek out their own copy of that loyalty token and place it face down on their “Devout” slot. Then randomize the other four.

    This ensures nobody will start with an identical set of loyalties, but still allows for plenty of randomization and hidden/unknown information.

Viewing 7 posts - 1 through 7 (of 7 total)
  • You must be logged in to reply to this topic.