Etter vedtektene skal me ha årsmøte innan utgangen av februar. Desse årsmøta plar trekkje mange folk; rundt ti har me vel vore siste åra.
Utanom ordinære årsmøtesaker, har eg eit tilleggsforslag: Me har eit innslag om “våre beste brettspel”; altså subjektive innlegg der me presenterer kort dei beste brettspela me har. Både for å få kjekke innlegg, men også for å synleggjere ovanfor “sjeldne” medlemmer kva variasjon og bredde me har i klubben.
Eg tenkjer “Dice Tower” stil, ala https://www.youtube.com/watch?v=DIE77tiIMRk
Halde oss til fem spel, så eg legg fram mine fem favorittar, Rune sine etc. Så held me lista hemmeleg fram til årsmøtet og får oss ei kjekk tid 
Kva tenkjer de?