Årsmøte 2018

Viewing 5 posts - 1 through 5 (of 5 total)
  • Author
    Posts
  • #1544
    Jarle Haktorson
    Keymaster

    Etter vedtektene skal me ha årsmøte innan utgangen av februar. Desse årsmøta plar trekkje mange folk; rundt ti har me vel vore siste åra.

    Utanom ordinære årsmøtesaker, har eg eit tilleggsforslag: Me har eit innslag om “våre beste brettspel”; altså subjektive innlegg der me presenterer kort dei beste brettspela me har. Både for å få kjekke innlegg, men også for å synleggjere ovanfor “sjeldne” medlemmer kva variasjon og bredde me har i klubben.

    Eg tenkjer “Dice Tower” stil, ala https://www.youtube.com/watch?v=DIE77tiIMRk
    Halde oss til fem spel, så eg legg fram mine fem favorittar, Rune sine etc. Så held me lista hemmeleg fram til årsmøtet og får oss ei kjekk tid 🙂

    Kva tenkjer de?

    #1557
    Jarle Haktorson
    Keymaster

    Lite respons på forslag.
    Kjem difor med endå eit forslag, så har de to ting å tenkje på: Årsmøte søndag 10. februar?

    #1561
    Rune Hanssen
    Keymaster

    Det er ein fin dato!

    Eg kan ralle om mine fem favorittar blant alle spel eg har spelt.

    #1570
    Sten Ole
    Participant

    Flott dato for min del, trur eg.

    Oppramsing av spel i topp 5-stil er sikkert ein grei aktivitet. Idé i så fall er å bruke prosjektor til å dra fram bgg-sida til spela etter kvart som dei blir “avduka”. Bildesidene til spela pleier å vise komponentar osv sånn at det kanskje gir meir inntrykk enn å bare snakke laust. Men det kjem an på ambisjonsnivået for opplegget kor mykje ein vil legge i det.

    #1600
    Jarle Haktorson
    Keymaster

    Referat ifrå årsmøtet:
    https://www.dropbox.com/s/yu8xpynzc32hazw/Referat%20%C3%A5rsm%C3%B8te%202019.pdf?dl=0

Viewing 5 posts - 1 through 5 (of 5 total)
  • You must be logged in to reply to this topic.