Velkomen til Kvinnherad brettspelklubb › Forums › Spela våre: erfaringar og vurderingar › Co2 – second chance
- This topic has 5 replies, 3 voices, and was last updated 5 years, 1 month ago by Rune Hanssen.
-
AuthorPosts
-
11/09/2019 at 01:05 #2154Rune HanssenKeymaster
Ekte Lacerda-tyngde. Har ikkje nok xp til å vite kva som er forbetra frå første versjon, men spelet er innhaldsrikt med «prosjekt til rett tid»-problematikk og semi-coop. Eg trur meir «mileage» vil bere frukt.
11/09/2019 at 02:18 #2155Sten OleParticipantReglar, reglar…
Markedet
Player-aiden løyg. Når du kjøper CEP, skal ikkje prisen stige (med mindre markedet går tomt).Flisespikkeri
I setup for 3-player skal eit par av 20-fossil-kraftverkene ut av sirkulasjon.—
Dette spelet var meir regelmessig grumsete enn det eg hugsar. Det hjelpte lite med ein manual som var tilpassa for cooperativt spel der competitive-reglane refererte tilbake til cooperative-versjonen med vesentlige endringar. Eg ser derimot på bildet av 1. utgave av spelet på forumet, at mykje har blitt betre. Alt ser finare ut. Fine trekomponentar som du bygger oppå kvarandre. Tydelegare symbolbruk enn tidlegare. Mindre rot på sentralbrettet.
Eg er enig med Rune at dette treng eit par gjennomspelingar til for å sjå kva som skjer i dette spelet.
Eg slit ennå med å sjå korleis tematikken passer til mekanikken. Korleis kan ein argumentere for at du skal ha makt over alle CO2-kvotane på eit kontinent fordi ein har bygd eit lite solcellepanel?
11/09/2019 at 11:34 #2156Thomas ThomsenParticipantVi tok ut 6×20 kraftverk igår.
Regelhefte kunne eg sikkert knebla firmaet for, det var dårligt. Mulig dette blir forbedra overtid av brukere fra bgg som kan hjelpe.
Håper det var innkjøring som gjorde at andre halvdel av spillet føltes for drøyt og repetativt. Første halvdel var veldig morro, mye bra symbolikk bruk som rydda endel forvirring i startfasen.
Positiv til å prøve på ny, da gjerne i co op, kan være enklere siden heile helvetes manualen er bygd for den delen. Mulig vi lærer fortere da og reglene blir tydeligere.
11/09/2019 at 22:56 #2163Sten OleParticipantAngåande “drøyt og repetativt”: Eg er litt enig på ein måte. Du har i grunn 3 actions, skissere eit kraftverk, bygge infrastruktur til kraftverket og å ferdigstille kraftverket. Dette er grunnsteinane i spelet; og så har du forskarane, tech-kubar og CEP-markedet som minigames.
Det som gjer starten engasjerande er at me alle har interesse av at CO2 mengden holdes nede og at me må forske oss opp til å i det heile tatt bygge kraftverk. Det er altså nok som skjer til å begeistre. Mot slutten er katastrofen allerede avverga og forskning er mindre viktig. Det einaste som betyr noko er kven som får bygge kraftverk og kven som styrer regionane som egentlig handler om akkurat the same. Det blir bare ein grind for å tyne ut victory points. Det blir ein mexican standoff fordi spelarane skjønner at å lage infrastruktur er å gi poeng til motspelarane. Den tilstanden varer kanskje lenger enn den burde.
Men… det er mulig at spelet blir slik fordi me er uerfarne i spelet. Kanskje måten me spelte på er oppskrifta på dårlig spel. Ein driven CO2-profesjonell vil kanskje ignorere å redde verden i det heile tatt og spare korta sine til slutten når det blir skikkeleg konkurranse. Om dette er sant, blir kanskje spelet dårlig fordi det blir eit “push your luck” spel om å tvinge motspelarar til å redde verden.
Mulig spelet også gnagde litt på slutten var at me spelte seint. For mykje tenking og for lite “flow”. Me måtte også slå opp reglar heile tida, heilt opp mot slutten. Og den regelboka, den er skriven av ein sadist.
13/09/2019 at 15:10 #2166Sten OleParticipantNy gjennomspeling, ny konklusjon. Problema frå første speling løyste seg i stor grad for min del. Eg trur kanskje rette reglar på CEP-markedet førte til at spelet blei mindre orientert rundt ferdigstilling av kraftverk som åpna opp for fleire aktivitetar og motivasjonar. Det hjelpte også at reglane var avklarte slik at me ikkje slapp å ta i det radioaktive regelheftet.
Eg mistenker at spelet er best med 4 spelarar. Begrunnelse: mindre anledning til å dominere regionar, større sjanse at events rammer spelarane, fleire rundar med lobbyist-kort, marginalt kortare speletid (40 spelerundar istedenfor 45).
—
Reglar, reglar…
End of decade
Førstespelar rulerer mot klokka på slutten av ein decade (etter events).- This reply was modified 5 years, 1 month ago by Sten Ole.
13/09/2019 at 15:25 #2168Rune HanssenKeymasterSå first player endrar seg… Shit! Det kan bli artig ?
Testamente på drittelendig regelbok ?
Ser i ein bgg-summary at 1st player skal skifte til venstre – mykje tull.
- This reply was modified 5 years, 1 month ago by Rune Hanssen.
-
AuthorPosts
- You must be logged in to reply to this topic.