I ein idyllisk småby om vinteren jobbar du saman med andre for å oppnå stort sett eit felles mål. Været er heller kaldt som gjer ferdsel ute mindre trivleg i tillegg til dei mindre levande innbyggarane som har ein mild bitetrang. I god felles ånd sankar de mat, medisiner og anna utstyr. Som i alle gode småbyar har alle sin eigen agenda som kan bryte litt opp i det gode samarbeidsklimaet. Om du er riktig uheldig, så har du ein medspeler som i mindre grad er interessert i det store fellesmålet, kanskje direkte innbitt på å sabotere. Då er det i så fall viktig å stenga denne personen ute fra kollektivet ditt.
Er du eit godt menneske, eller tviholder du på bensinkanna til siste slutt?