Great Western Trail

Viewing 3 posts - 1 through 3 (of 3 total)
  • Author
    Posts
  • #1898
    Jarle Haktorson
    Keymaster

    GWT ligg på 10. plass på BGG, og det er ikkje rart. Dette er eit spel som blandar mange kjekke mekanikkar på same tid, med eit uttal måtar å byggje seg opp og fram på.

    Første gjennomkøyring tok sjølvsagt ekstra tid grunna reglar, men for å vise breidda i vala du har undervegs, kjem her forklaring korleis du kan sanke poeng:

    Pengar: Du har sjeldan mykje og altfor mykje å bruke dei på. Klarar du å spare, får du poeng for dette.
    Bygningar: Desse gir deg mange fordeler i løpet av spelet, men kan vere vanskelege å få opp. Gode bygg gir mange poeng.
    Byar: Har du vore dyktig, har du selt kyr over heile USA. Fjerne byar gir mange poeng.
    Togstasjonar: Kanskje du har slått deg opp som tog-konge, og oppgraderer stasjonane? Dette kan gi mange poeng.
    Farar: Kvega dine kan bli utsette for både flaum, steinras og tørke. Å fjerne slike farar gir poeng.
    Kveg: Masse kveg gir sjølvsagt masse poeng.
    Oppdrag: Masse ulike oppdrag, t.d. handle med indianarar eller få ei premie-ku. Ulike oppdrag gir ulike poeng.
    Stasjonsmeister: Har du klart å bli stasjonsmeister på ein togstasjon, vankar ekstrapoeng.
    Arbeidarar: Har du rekruttert ein stor arbeidsstyrke, vankar det bonuspoeng også her.
    Tokens: Spelebrettet ditt i starten er dekt av tokens. Klarar du å kvitte deg med desse opnar du opp fleire moglegheiter, samt ekstrapoeng.
    «Avsluttar»: Den som avsluttar spelet får bonuspoeng.

    Med elleve måtar å sanke poeng på, har du masse val undervegs og kan spele mykje slik du sjølv vil. I første gjennomspeling gruste Anders alle andre, der han køyrte ein strategi med å rekruttere alle Cowboyar som kom, handle hardt på kvegmarknaden, selje kvega over heile USA, samt score diverse oppdrag. Stakkar meg sat igjen på sisteplass som mislykka tog-konge.

    Veldig kjekt spel.

    #1899
    Rune Hanssen
    Keymaster

    Dette må jo vere gøy!

    #1914
    Sten Ole
    Participant

    Moro victory-point-spel både for matematikarar og for andre som vil ha det gøy på prærien. Mange muligheter for poeng, som Jarle seier, men også mange forskjellige fokusområde som du kan i mindre eller større grad spesialisere deg mot.

    Du prøver å ta med deg kveg gjennom “the great western trail” for å selge dei via jernbanestasjonen i Kansas til byar langs jernbanen. Du bygger infrastruktur langs ruta di som hjelper deg og plager konkurransen litt. Du investerer i togbanen og stasjonane langs togruta. Oppgraderingane på brettet ditt låser seg opp og gjer deg betre i stand til å traversere trailen. Arbeidarar gjer også at du får meir til.

    Randomfaktoren i spelet er hånda med kvegkort som blir trekt fra kvegstokken din. Utover spelet kan du skru på tilfeldighetane med å kjøpe inn nye kvegkort på markedet eller “brenne” kort.

    Spelet slutter etter kvart i Euro-game-stil med salige minutter med poengrekneskap. Alle tar kvarandre i hånda og gratulerer vinnaren.

    Kvalitet.

Viewing 3 posts - 1 through 3 (of 3 total)
  • You must be logged in to reply to this topic.