Velkomen til Kvinnherad brettspelklubb › Forums › Spela våre: erfaringar og vurderingar › Great Western Trail
- This topic has 2 replies, 3 voices, and was last updated 5 years, 5 months ago by Sten Ole.
-
AuthorPosts
-
16/05/2019 at 12:36 #1898Jarle HaktorsonKeymaster
GWT ligg på 10. plass på BGG, og det er ikkje rart. Dette er eit spel som blandar mange kjekke mekanikkar på same tid, med eit uttal måtar å byggje seg opp og fram på.
Første gjennomkøyring tok sjølvsagt ekstra tid grunna reglar, men for å vise breidda i vala du har undervegs, kjem her forklaring korleis du kan sanke poeng:
Pengar: Du har sjeldan mykje og altfor mykje å bruke dei på. Klarar du å spare, får du poeng for dette.
Bygningar: Desse gir deg mange fordeler i løpet av spelet, men kan vere vanskelege å få opp. Gode bygg gir mange poeng.
Byar: Har du vore dyktig, har du selt kyr over heile USA. Fjerne byar gir mange poeng.
Togstasjonar: Kanskje du har slått deg opp som tog-konge, og oppgraderer stasjonane? Dette kan gi mange poeng.
Farar: Kvega dine kan bli utsette for både flaum, steinras og tørke. Å fjerne slike farar gir poeng.
Kveg: Masse kveg gir sjølvsagt masse poeng.
Oppdrag: Masse ulike oppdrag, t.d. handle med indianarar eller få ei premie-ku. Ulike oppdrag gir ulike poeng.
Stasjonsmeister: Har du klart å bli stasjonsmeister på ein togstasjon, vankar ekstrapoeng.
Arbeidarar: Har du rekruttert ein stor arbeidsstyrke, vankar det bonuspoeng også her.
Tokens: Spelebrettet ditt i starten er dekt av tokens. Klarar du å kvitte deg med desse opnar du opp fleire moglegheiter, samt ekstrapoeng.
«Avsluttar»: Den som avsluttar spelet får bonuspoeng.Med elleve måtar å sanke poeng på, har du masse val undervegs og kan spele mykje slik du sjølv vil. I første gjennomspeling gruste Anders alle andre, der han køyrte ein strategi med å rekruttere alle Cowboyar som kom, handle hardt på kvegmarknaden, selje kvega over heile USA, samt score diverse oppdrag. Stakkar meg sat igjen på sisteplass som mislykka tog-konge.
Veldig kjekt spel.
16/05/2019 at 13:48 #1899Rune HanssenKeymasterDette må jo vere gøy!
23/05/2019 at 15:39 #1914Sten OleParticipantMoro victory-point-spel både for matematikarar og for andre som vil ha det gøy på prærien. Mange muligheter for poeng, som Jarle seier, men også mange forskjellige fokusområde som du kan i mindre eller større grad spesialisere deg mot.
Du prøver å ta med deg kveg gjennom “the great western trail” for å selge dei via jernbanestasjonen i Kansas til byar langs jernbanen. Du bygger infrastruktur langs ruta di som hjelper deg og plager konkurransen litt. Du investerer i togbanen og stasjonane langs togruta. Oppgraderingane på brettet ditt låser seg opp og gjer deg betre i stand til å traversere trailen. Arbeidarar gjer også at du får meir til.
Randomfaktoren i spelet er hånda med kvegkort som blir trekt fra kvegstokken din. Utover spelet kan du skru på tilfeldighetane med å kjøpe inn nye kvegkort på markedet eller “brenne” kort.
Spelet slutter etter kvart i Euro-game-stil med salige minutter med poengrekneskap. Alle tar kvarandre i hånda og gratulerer vinnaren.
Kvalitet.
-
AuthorPosts
- You must be logged in to reply to this topic.