Inventions: Evolutions of Ideas

Viewing 2 posts - 1 through 2 (of 2 total)
  • Author
    Posts
  • #4367
    Sten Ole
    Participant

    Inv

    Lacerda slår til igjen med eit veldig typsisk Lacerdiansk spel. I dette spelet er du ein “society” med folk som har idear, finner opp saker og ting og bringer oppfinnelsane til verden. Alt frå hjulet tidleg i spelet til kunstig intelligens mot slutten. Eg vil påstå at spelet er litt meir abstrakt enn mange av dei andre spela til Lacerda. Det er ein viss utfordring å gjere lure ting for å utrette mykje på turen din. Det handlar mykje om å lage lange action-kjeder som klarer å lure seg forbi begrensingane i kor du får lov til å sette action-pillarane dine. Om du skal gjere det skikkeleg skarpt resultatmessig, er det ein fordel å ha kontroll på personal goals og det rare aspirasjonspuslespelet på spelerbrettet, men dette er nok eit fokusområde for dei vidarekomne.

    #4369
    Rune Hanssen
    Keymaster

    Eg hadde vanskar med å finne ein god veg for maskineriet. Eg kunne alltid få noko gjort, men hadde aldri kjensla av at eg gjorde noko effektivt. Mykje crunch og ditt eige spelarbrett er litt disconnected og slitsomt.

    Spelet fekk fram auka urinering og ukontrollerte stønn hos dei fleste rundt bordet. Fleire nådde nok første aldersknekk. Kan hende eg ser vegen neste gong.

Viewing 2 posts - 1 through 2 (of 2 total)
  • You must be logged in to reply to this topic.