Lovecraft-setting der spelarane samarbeider om å løyse puzzles og scenario styrt av ein app på mobil, brett eller PC.
Undervegs kan ein få fysisk og psykisk skade alt etter kva ein treff på i dei uhyggelege romma, gatene eller hagane på brettet. Får ein nok psykisk skade vert ein gal og då slår ein slags traitor-mekanisme inn. Spelaren får eit insanity-kort som legg føringa vidare til den spelaren. Sist gong me spelte førte dette til at ein spelar åleine vann og avslutta spelet. Interessant mekanikk som gjer at alle vil unngå at ein annan spelar skal bli gal.
All skade er i form av kort som anten ligg skjult som vanleg skade eller gjennom teksten som noko verre. Sterk stemning og mykje humoristisk story.
-
This topic was modified 6 years, 4 months ago by Rune Hanssen.